Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Sparebank

Kalvåg hadde tidleg sjukehus. Huset i framgrunnen vart bygt som sjukehus i 1903.

Kalvåg hadde tidleg sjukehus. Huset i framgrunnen vart bygt som sjukehus i 1903.

Bremanger Sparebank vart grunnlagd i 1898 i Kalvåg.

Banken hadde kontor i lensmannsgarden i Kalvåg før den fekk plass i kommunehuset i 1920. Dette kommunehuset var det såkalla «sjukehuset» som Vårsildfondet bygde i 1903 som sjukestove for fiskarar. Her var det også legebustad og kontor. I 1956 bygde sparebanken eige bankbygg i Kalvåg, og i 1981 endå eit nybygg.

Bremanger Sparebank skipa også filialar og bygde eigne bankbygg på Hauge i Bremanger og i Svelgen.

I 1971 vart banken slegen saman med Kinns Sparebank i Florø og fekk namnet Sparebanken Flora-Bremanger. Etter at denne fekk økonomiske vanskar etter krise i oppdrettsnæringa, vart Sparebanken Flora-Bremanger innlemma i Sparebanken Sogn og Fjordane i 2003. Sparebanken Sogn og Fjordane har avdeling i Svelgen.

Bankbygget som Bremanger Sparebank reiste i 1981. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygget som Bremanger Sparebank reiste i 1981. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2010