Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Spareforening

Bremanger Spareforening er ein av to kvite bygningar (til venstre). Den andre er Kafé Vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Spareforening er ein av to kvite bygningar (til venstre). Den andre er Kafé Vest. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Spareforening vart skipa i 1871. Selskapet dreiv landhandel, bakeri, og fiskeeksport frå Kalvåg.

I 1908 bygde Bremanger Spareforening eit stort bygg i Kalvåg sentrum. Spareforeninga var i drift heilt til Paul Petterson Fosse kjøpte huset i 1957. Han ynskte å nytte det gamle forretningsnamnet vidare, men fekk ikkje lov, og nytta difor sitt eige namn på forretninga. Noverande eigar, Paul Fosse sin son Svein Inge Fosse, har teke vare på det gamle firmanamnet «Bremanger Spareforening» som er måla på husveggen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2010