Hopp til innhold
X
Innhald

Bremangersambandet

Rugsundbrua på fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rugsundbrua på fastlandssambandet til Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første lekken i det som vert kalla Bremangersambandet var fastlandssambandet for 1900 menneske på øyane Bremanger og Frøya som vart opna den 12. juli 2002.

Skatestraumen. Vi ser inngangen til den undersjøiske tunnelen ved Havnen på Rugsundøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skatestraumen. Vi ser inngangen til den undersjøiske tunnelen ved Havnen på Rugsundøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Opninga av Bremangersambandet i 2002. Frå venstre fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar Einar Kjerpeset, vegdirektør Olav Søfteland og vegsjef Lars Lefdal. Foto frå TV-reportasje: Randi Indrebø, NRK.

Første undersjøiske tunnelen

Sambandet omfattar 300 meter bru over Rugsundstraumen mellom Kolset og Krakevik (ferdig 1999), tunnel på Rugsundøy (540 meter) og undersjøisk tunnel (Skatestraumtunnelen - 1890 meter) under skipsleia i Skatestraumen. Dette er den første undersjøiske vegtunnelen i Sogn og Fjordane og går 80 meter under havflata. Bremanger-sambandet kosta 325 millionar kroner. Ved Gloføyke (sjå Buplass på Gloføyke) har Vegstellet bygd stor rasteplass ved Bremanger kommune sin «Tusenårsstad».

Bortnen og Bortnepollen sett frå toppen av Hornelen. Andre delen av Bremangersambandet går inn på nordsida av den vesle fjordarmen og så i tunnel gjennom fjellet til høgre i biletet til Sørdalsvatnet på vegen mellom Svelgen og Ålfoten. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fullført i 2013

Den andre lekken i Bremangersambandet er ny veg mellom Kolset ved Rugsund og til kommunesenteret Svelgen via Bortnen og ein lang tunnel til Sørdalsvatnet, der vegen vert kopla inn på fylkesveg 614. Bygginga av denne andre lekken starta i 2010, og vegstrekninga vart opna i mai 2013 av fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Denne delen av Bremangersambandet, også kalla Bremangersambandet 2, kosta 504 millionar kroner og korta ned strekninga frå Svelgen til Bremangerlandet med 40 kilometer. Samstundes vart ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn lagt ned.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna Bremangersambandet 2 den 16. mai 2013. Til venstre for ho regionvegsjef Helge Eidsnes, til høgre ordførar Karl Vidar Førde i Bremanger. Foto: Øystein Torheim.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opna Bremangersambandet 2 den 16. mai 2013. Til venstre for ho regionvegsjef Helge Eidsnes, til høgre ordførar Karl Vidar Førde i Bremanger. Foto: Øystein Torheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.05.2013