Hopp til innhold
X
Innhald

Brødrene Larsen Eftf. AS

Brødrene Larsen Eftf i Kalvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Larsen Eftf i Kalvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Larsen Eftf. AS fiskeindustri i Kalvåg vart skipa i 1996 av Audun Røys.
Han starta verksemda i eit bygg som vart nytta som fiskemottak av Sogn og Fjordane Fiskesalslag på 1950-talet, og som brørne Severin og Wilhelm Larsen overtok då fiskesalslaget la ned drifta.

I 2005 starta Brødrene Larsen Eftf. torskeslakteri i Struen i Bremanger. Her tok firmaet over eit fiskemottak som Erling Førde hadde bygd midt på 1990-talet, men som gjekk konkurs. Talet på tilsette var i starten 10, i 2010 var talet auka til 30. Men i 2012 var det slutt på torskeslaktinga i Struen på grunn av mangel på oppdrettstorsk.

I 2012 inngjekk Brødrene Larsen Eftf AS samarbeid med Domstein ASA (sjå Domstein-konsernet) om produksjon av seifiletar i Kalvåg. Dette kan i første omgang gje 20-30 sesongarbeidsplassar.

Brødrene Larsen Eftf. AS i Struen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Larsen Eftf. AS i Struen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 31.01.2012