Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Meyer

Christian Meyer (1809—1885) frå Bergen, busett i Davik. Sokneprest og politikar.

Cand. theol. 1833. Arbeidde som kapellan i Leikanger og Hafslo før i 1841 vart res. kapellan i Stryn. Res. kapellan i Hirta 1844, og sokneprest i Davik 1847—1869.

Ordførar i Davik 1850—1860 og 1862—1867. Dreiv frå 1847 vidare den jenteskulen som forgjengaren Jakob Andreas Lindeman hadde starta i prestegarden. Meyer skaffa Davik den første boksamlinga. Han var ein pietistisk prest som i 1863 fekk skipa både fråhaldslag og misjonslag i Davik. Kvart av laga hadde kring 250 medlemer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008