Hopp til innhold
X
Innhald

Clupeahamn

Den flytande sildoljefabrikken ”Clupea”, her fotografert i Leirvik på Stord. Foto: E. Halvorsen.

Den flytande sildoljefabrikken ”Clupea”, her fotografert i Leirvik på Stord. Foto: E. Halvorsen.

Clupeahamn er eit lokalt stadnamn ved Smørhamn – skapt under dei store sildeåra på 1950-talet, då den flytande sildoljefabrikken «Clupea» vart ankra opp i denne «hamna» i sildesesongen.

Skipet låg også delvis i Måløy. «Clupea» var opphaveleg eit halvferdig landgangsfarty frå 2. verdskrig som vart bygd om til sildoljefabrikk ved Stord Verft. Det var eigd av Bergens-firmaet S. Bartz Johannessen, Noregs Sildesalslag og Staten. I 1957 bygde Clupa også opp eit landanlegg ved Smørhamn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2010