Hopp til innhold
X
Innhald

Dag H. Nestegard

Dag H. Nestegard. Foto: Hilde Fougner.

Dag H. Nestegard. Foto: Hilde Fougner.

Dag H. Nestegard fødd 1968, frå Svelgen, busett i Ås i Akershus. Journalist, filmprodusent og forfattar. Utdanna som radiojournalist frå Høgskulen i Volda. Journalist i Firdaposten og NRK, m.a. i utanriksredaksjonen og som korrespondent i Midt-Austen. Seinare var han presserådgjevar for fiskeriministeren og samferdselsministeren og informasjonssjef i Redd Barna.

Han starta selskapet Nestegard Media som laga dokumentarfilmen "Vekkelsen" (om islamsk vekkelse og terror) for NRK. I 2007 starta han StangMedia saman med Sølve og Frode Stang.

I 2011 vart han redaktør for Bok & Samfunn. I 2013 gav han ut boka «Atlanterhavsflygaren Thor Solberg – ei røvarhistorie» (Samlaget) om flypioneren Thor Solberg frå Florø.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016