Hopp til innhold
X
Innhald

Daviigs Bondevenforening

Daviigs Bondevenforening vart skipa i 1868 som den første foreininga av dette slaget i Sogn og Fjordane. Bondevenene var ei politisk rørsle med stortingsmann Søren Jaabæk som leiar.

Han sat på Stortinget frå 1845 til 1890, og gjorde seg og sine til talsmenn for sterk nedskjering av offentlege utgifter og statleg engasjement. På Stortinget fekk Jaabæk difor tilnamnet «Nei-bæk».

Ville privatisere FSF

I Sogn og Fjordane gjekk bondevenene m.a. inn for å omgjere Fylkesbaatane frå fylkeseigd til privat selskap, og nedlegging av Mo Jordbruksskule – begge starta i 1858.

Bondevenene hadde i 1871 ein topp i aktiviteten, med 25 lag og 2581 medlemer. Særleg stor var aktiviteten i Gaular kommune (sjå Bondevensforeiningar i Gaular).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.02.2009