Hopp til innhold
X
Innhald

Davik Brannkasse

vart skipa i 1893 med 20 medlemmer frå starten.

Bak laget stod noko som kalla seg «Nordstrand Landnæringsforening» med Valdemar Bakke og Botolv H. Thue som opptaksmenn. Før den tid hadde folk i Davik og store delar av Bremanger forsikra eigedomane sine i Eid og Stareim Brandassuranceforening som var skipa i 1873, og som var den andre brannassuranseforeninga som kom i gang i Sogn og Fjordane. I 1889 hadde denne foreninga 20 medlemmer frå Davik. I Bremanger fekk brannkassa i Eid konkurranse frå Indvigen Præstegjelds Brandselskab som var skipa i 1874 og som óg var med og kjempa om kundane i kystdistrikta.

Kalv i branntrygdepremie

Men då Davik kommune fekk sitt eige branntrygdelag i 1893, slutta bygdefolket mannjamnt opp: Året etter skipinga hadde Davik Brannkasse fått 210 medlemmer. Hans H. Hamre var formann og kasserer i laget frå 1896 til 1932. I 1900 vart det skipa eit innbutrygdelag som vart selge saman med Davik Branntrygdelag. I mellomkrigstida var det pengemangel og vanskeleg å få inn premien: Formannen vart send frå gard til gard på innkrevjing, og ein stad fekk han ein kalv som oppgjer! Den vart seinare seld for 70 kroner som dekten det uteståande.

Davik Brannkasse gjekk inn i Ytre Nordfjord Branntrygdelag då dette vart skipa i 1964 saman med branntrygdelaga i Eid, Vågsøy og Selje. Ytre Nordfjord Branntrygdelag fekk kontor i Måløy med Ragnar Hals som leiar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.06.2008