Hopp til innhold
X
Innhald

Davik Fiskeindustri

Davik Fiskeindustri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Davik Fiskeindustri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Davik Fiskeindustri på Davik vart i 2000 ein del av Pan Fish-gruppa, men vart grunnlagt på siste halvdel av 1970-talet av brørne Håkon og Asbjørn Myrvang frå Måløy under namnet Davik Fiskefarm. Dei bygde produksjonsbygg i 1981.

På det meste sysselsette Davik Fiskefarm kring 45 tilsette på årsbasis, og hadde i 2000 ei omsetning på 25 mill.kroner.

Då Pan Fish-gruppa fekk vanskar i 2003, overtok dagleg leiar Lars Jan Thorsen og Bremanger kommune eigedomane, men verksemda sleit økonomisk og gjekk konkurs i 2005.

Selskapet Fjord Shell AS ved Geir Kroken og Bjørn Myklebust la i 2005 fram planar om avgiftingsanlegg for blåskjel og pakking i det tidlegare lakseslakteriet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.04.2010