Hopp til innhold
X
Innhald

Davik-kyrkja låg lenge under Eid

Davik kyrkje. Foto Ottar Starheim, NRK.

Davik kyrkje. Foto Ottar Starheim, NRK.

I 1740 vart kyrkjesokna Davik, Rugsund og Ålfoten skilde ut frå Eid prestegjeld som eit nytt Davik prestegjeld. Presten fekk bustad i Davik.

Davik kyrkje vart bygd i 1886. Arkitekt G.A. Bull. Altartavla er måla av Anders Orheim som også måla tavla i Stårheim kyrkje. Preikestolen frå 1600-talet, altarstakar frå ca. 1714 og lysekrune frå 1752.

Diktaren Claus Frimann er ein av fleire kjende prestar som har gjort teneste som sokneprest på det gamle futesetet Davik.

Gjekk konkurs og emigrerte

Materialane til kyrkja som vart bygd i 1886, vart leverte av John Åland på Davikneset. Men kostnaden med hogst og transport vart så stor at Åland gjekk konkurs på handelen i 1884. Gardsbruket hans gjekk under hammaren, og John med heile familien emigrerte til Amerika.

Kyrkje sidan 1200-talet

På Davik har det vore kyrkje sidan 1200-talet. Den første stavkyrkja er omtala i 1306 i skriftet Bjørgvin Kalvskinn. Den neste kyrkja vart reist kring 1655 og var ei langkyrkje. Ho vart på 1720-talet dekorert med veggmåleri innvendes av brørne Ola og Jens Paulsson frå Berle. Denne kyrkja vart i 1750 avløyst av ei etter måten stor korskyrkje med plass til 350 menneske.

Kyrkjestriden mellom Davik og Haus

Ole Abrahamson Haus frå Haus var den første ordførar frå bondestanden i Davik kommune då han vart vald til ordførar i 1872. Han kom frå Oppheim i Loen, og vart gift til Haus i 1856. Han sat i kommunestyret frå 1862 til 1867 og 1890-1893, av desse fire år som varaordførar og fem år som ordførar. I tillegg til å få skipa dampskipskai og postopneri på Haus, gjorde Ole A. Haus det til si livsoppgåve i kommunepolitikken på få flytta hovudkyrkja i prestegjeldet og prestegarden frå Davik på sørsida til Haus på nordsida av fjorden. Aksjonen skapte stor strid og mykje vondt blod i mange år i gamle Davik kommune, men Haus vann ikkje fram med flytteprosjektet. Ein av dei som engasjerte seg for å halde på Davik som kyrkjestad, var soknepresten Nicolai Christian Larsen (1813–1885).

Korskyrkja som vart reist i Davik i 1750.

Korskyrkja som vart reist i Davik i 1750.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011