Hopp til innhold
X
Innhald

Davik Sparebank

Huset der Davik Sparebank og kommuneadministrasjonen i Davik heldt til.

Huset der Davik Sparebank og kommuneadministrasjonen i Davik heldt til.

Davik Sparebank vart skipa i 1896. Sparebanken heldt dei første åra til i det gamle klokkarhuset på Ytredavik. I same huset var det også skule og bustad for læraren i bygda.

Som i så mange andre småkommunar i Sogn og Fjordane, vart det i 1916 bygd eit kombinert hus for kommuneadmistrasjonen og banken på Davik. Her heldt Davik kommunestyre møta sine heilt til kommunen vart oppløyst i 1964.

Av rekneskapa kan ein sjå at den lokale sparebanken hadde stor auke i både innskot og utlån frå jobbetida under 1. verdskrig og utover på 1920-talet, men fekk ein sterk reduksjon i forvaltningskapitalen ut på 1930-talet. Davik Sparebank gjekk gjekk inn i Nordfjord Sparebank i 1971, og denne vart innlemma i Sparebanken Vest i 1989. Sparebanken Vest hadde kontordag på Davik to gonger i veka fram til 2012. Då vart filialen lagd ned.

Forstandarskapen i Davik Sparebank i 1936. Framme frå venstre: Jonas Brobakke, P. Sigdestad, H. Indredavik, Ole M. Totland, Kr. Myklebust, John Fløtre, A. H. Endal. Ståande frå venstre: H. Henøen, Albert Benæs, J. R. Kjøllesdal, Josef Elde, O. O. Myklebust, M. Isene, P. M. Lefdal, B. Rosenlund, S. Bakke, H. Sigdestad, O. J. Husevåg, J. R. Myklebust, P. A. Drageset.  Foto: Mons Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 09.05.2012