Hopp til innhold
X
Innhald

Dødsdom for blodskam med tanta

I 1656 vart Peder Otteren og tanta Marte Pedersdotter Bortne dømde til døden fordi dei hadde hatt samleie.

Eller som det står i dommen: Peder hadde «besovet» Marte. Slikt vart rekna for blodskam på den tida og straffa med døden. Men begge vart benåda, og Peder fekk i staden livsvarig slaveri på Munkholmen festning i Trondheimsfjorden. Kva slags soning Marte fekk er ikkje kjent.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018