Hopp til innhold
X
Innhald

Eplekrangel enda i drap

Aust for Ålfoten ligg ein attgrodd gard i Askevika. Her drap bonden Elling Olseson i 1751 Abelone Kristine Limrup etter ein krangel om nokre eple.

Abelone kom til Askevika etter at mannen hennar hadde drukke dei frå gard og grunn ein annan stad i landet. I Askvika freista ho å livnære seg med brygging og sal av øl.

Knivstukken og drept

Ho freista også å skøyte på kosten med å dyrke eit epletre. Men bonden Elling likte også eple, og kravde halvparten av avlinga, noko Abelone nekta. Krangelen om epletreet enda med at Elling knuste skallen på Abelone, gav henne 11 knivstikk og kasta liket på sjøen. Men liket dreiv i land, og Elling vart mistenkt og arrestert. Han greidde å røme og kasta seg på sjøen, men drukna.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2008