Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Julin Olsen

Erling Julin Oskarsson Olsen (1917-1941). Fødd i Florø, busett i Bremanger. Krigsflygar.

Erling Julin Oskarsson Olsen (1917-1941). Fødd i Florø, busett i Bremanger. Krigsflygar.

Olsen tok artium og flygarskule på Kjeller. Han rømde i byrjinga av 1941 til Shetland og gjekk inn i det allierte flyvåpenet. Han vart såra under luftkamp over London den 13. august 1941. Han naudlanda, men døydde seinare av skadane.

Erling Julin Olsen var leiar for Svelgen Turn og Idrettsforening. STIF reiste i 1946 ein minnestein over Erling Julin Olsen i Svelgen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010