Hopp til innhold
X
Innhald

Erling Sande

Erling Sande. Foto: Stian Lysberg Solum/SCANPIX.

Erling Sande. Foto: Stian Lysberg Solum/SCANPIX.

Erling Sande fødd 1979 i Davik, busett på Sandane. Energiverkleiar og Senterparti-politikar. Medlem i Bremanger kommunestyre frå 1999 og fylkestinget i Sogn og Fjordane 1999–2007. Politisk rådgjevar for Senterpartiet si Stortingsgruppe 2003–2005.

Han vart første vararepresentant til Stortinget i 2005 og fekk fast plass på Stortinget då Liv Signe Navarsete vart statsråd i Jens Stoltenberg si andre regjering. Han sat på Stortinget til 2013, då han sa frå seg attval.

Han vart i november 2013 tilsett som konserndirektør for strategi og utvikling i SFE (Sogn og Fjordane Energi AS) på Sandane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 29.01.2021