Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Bremanger

under 2. verdskrig: I alt 31 personar frå Bremanger kommune fall i krigsteneste eller døydde av krigshandlingar. Berre Flora kommune hadde fleire krigsoffer under 2. verdskrig i Sogn og Fjordane.

(Du finn fleire opplysningar under «Kjende personar»)

  • Gjert Nordal (1862–1944) frå Svelgen. Pensjonist.
  • Harald Bertin Hafstad (1892–1944) frå Bremanger.
  • Thomine Kjerpeset (1894–1944) frå Bremanger. Husmor.
  • Malvin Severinsson Aannevik (1903-1942) frå Kalvåg, busett i Høyanger. Motormann og krigsseglar.
  • Ingvald Elias Bøen (1903-1942) frå Davik. Stuert og soldat.
  • Martin Kristoffersen Sundøy (1903–1943) frå Davik. Stuert og krigsseglar.
  • Finn Osmund Skre (1904–1945) frå Bremanger. Cand. oecon.
  • Olai Johannes Kristoffersen Steinset (1909-1940) frå Kalvåg. Matros og krigsseglar.
  • Rasmus Rasmussen Nyvoll (1909-1944) Frå Davik.
  • Petter Johan Eliasson Mulelid (1911-1942) frå Bremanger. Tømmermann og krigsseglar.
  • Jon Olderø (1912-1943) frå Bremanger. Omkom under røming til Shetland saman med Harald Tomasson Svortevik.
  • Alf Olafsson Aronsen (1914-1942) frå Bremanger. Krigsseglar og kanonér.
  • Ola M. Grotle (1915-1943). Frå Bremanger. Fiskar og kvartermeister.
  • Erling Myrhlie (1916-1940). Var fødd i Oslo, busett i Davik. Kokk og krigsseglar.
  • Harald Tomasson Svortevik (1916-1943) frå Svelgen. Kom bort saman med Jon Olderø (sjå denne over) på røming frå Svelgen til Shetland i ei snekke i januar 1943.
  • Johan Kristoffer Jørgensson Klungreset (1916-1943). Frå Bremanger. Gardsarbeidar, fiskar og soldat.
  • Erling Julin Oskarsson Olsen (1917-1941). Fødd i Florø, busett i Bremanger. Krigsflygar.
  • Joar Olivarsson Igland (1917-1942) frå Igland. Matros, soldat og krigsseglar.
  • Bård Olav Henriksson Grotle (1917-1942) frå Grotle. Fiskar, sjømann og soldat.
  • Harald Leif Grotle (1918-1943) frå Bremanger. Fiskar, sjømann og soldat.
  • Jostein Lofnes (1918-1942) frå Lofnes. Fiskar og krigsseglar.
  • Olai Edwin Leirgulen (1918-1946) frå Leirgulen. Maskinmann og soldat.
  • Gudmund Lund Våg (1919–1942). Fødd i Tjøtta, busett i Davik. Matros og krigsseglar.
  • Dagfinn Odinsson Frøyen (1920-1944). Matros og krigsseglar.
  • Johan Friis (1921-1939). Fødd i Bergen, busett i Bremanger. Sjømann og krigsseglar.
  • Arne Oskar Karlsson Grotle (1921-1942) frå Grotle. Fiskar, stuert og marinesoldat.
  • Arthur Johan Hauge (1921-1943) Fiskar og soldat.
  • Robert R. Lepsøe (1922–1944) frå Kalvåg, busett i Canada. Legestudent og krigsflygar.
  • Sigvald Kristian Høiland (1923–1942) frå Davik. Lagerarbeidar og soldat.
  • Hilmar Haug (1923-1942). Fødd i Bergen, busett i Rugsund. Sjømann og krigsseglar.
  • Sofia Kristofa Nesje (1926–1944) frå Bremanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010