Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på sjøen i Bremanger

Kalvåg ca. 1920 med ein fylkesbåt ved dampskipskaia på Knutholmen.

Kalvåg ca. 1920 med ein fylkesbåt ved dampskipskaia på Knutholmen.

Smørhamn

som var gamal skysstasjon, vart stoppestad då Fylkesbaatane starta den første Nordfjord-ruta med d/s «Fjalir» i 1859. Men alt i 1862 vart Smørhamn sløyfa til fordel for det raskt veksande fiskeværet Kalvåg lengre vest.

I 1956 vart vegsambandet frå Smørhamn til bygdene kring Bremangerpollen opna, og båtrutene vart tekne opp att med Karl Vadøy som ekspeditør. Smørhamn vart fast stoppestad for ekspressbåtane på Nordfjord frå 1972. I 1974 vart Smørhamn ferjehamn på trekantsambandet Florø-Smørhamn-Kjelkenes - fram til Norddalsfjordbrua vart opna i 1987 og det var nok med ferjesamband Smørhamn-Kjelkenes. I 2013 vart ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn lagt ned samstundes med at andre delen av Bremangersambandet vart opna.

Smørhamn har i dag anløp av ekspressbåtar. Ferjeruta Smørhamn-Kjelkenes vart lagd ned i 2013. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smørhamn har i dag anløp av ekspressbåtar. Ferjeruta Smørhamn-Kjelkenes vart lagd ned i 2013. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skyss-skaffar og vrakvaktar i Berle

Tidleg på 1600-talet er det opplyst at ein mann som budde i Berle og heitte Elling (fødd 1594), livnærte seg som skysskaffar, gjestgjevar og strandfut.

Rugsund

var gamal skysstasjon, og kom med som stoppestad på dei første postførande dampskipsrutene som trafikkerte kysten kring 1850 – d.v.s. før Fylkesbaatane vart skipa i 1858. Same året som fylket skipa sitt eige ruteselskap, søkte kjøpmann Thomas A. Friis om rutestopp ved handelsstaden, men fekk avslag. Ut på 1860-talet kom likevel Rugsund med på Fylkesbaat-ruta Nordfjord-Bergen.

Rugsundstraumen med dampskipskaia på fastlandet, der ruteanløpa til Fylkesbaatane har vore sidan 1919. Foto: Harstad Kunstforlag.

Rugsundstraumen med dampskipskaia på fastlandet, der ruteanløpa til Fylkesbaatane har vore sidan 1919. Foto: Harstad Kunstforlag.

Kjøpmann Petter Chr. Wiese, som overtok den gamle handelsstaden Rugsund i 1893, ville byggje kai for rutebåten ved eigedomen sin på Rugsund-øya, men bygdefolket på fastlandet protesterte. Wiese vann først fleirtalet i Fylkesbaat-direksjonen på si side, men bygdefolket vann likevel til slutt og fekk kai på fastlandet i 1919. Her vart Alfred Haugland ekspeditør.

Rugsund vart rutestopp for ekspressbåten som vart sett opp på Nordfjord-ruta frå 1970. På 1970-talet vart skipsløpet gjennom Rugsundstraumen mykje utmudra slik at m.a. ekspressbåten kunne gå trygt gjennom.

Davik

Rugsundstraumen hadde frå gamalt av vorte brukt av nordfjordingane når dei reiste med jekt til Bergen. Då «landdrog» dei skipa sine gjennom den tronge straumen.

Davik

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1860 – eitt år etter at selskapet hadde starta rute Bergen-Nordfjord. Soknepest Meyer var den første ekspeditøren. Frå 1924 overtok kjøpmann Pål Drageset som ekspeditør. Siste rutebåten gjekk opp under kaia i Davik i 1997, og gjennom heile epoken var Drageset-familien ekspeditørar.

M/S Sunnfjord rende på land ved Otteren natt til 10. mars 1967 og greidde å kome eit stykke inn i eit naust. Foto: Kåre Berglund.

M/S Sunnfjord rende på land ved Otteren natt til 10. mars 1967 og greidde å kome eit stykke inn i eit naust. Foto: Kåre Berglund.

Kalvåg

Fiskeværet Kalvåg fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1862 med kjøpmann Kristoffer Dahl som ekspeditør. Kalvåg fekk dampskipskai i 1880-åra. Også konkurrerande dampskipsruter mellom Møre og Bergen hadde rutestopp i det blømande fiskeværet Kalvåg kring 1900.

På 1950-talet fekk Kalvåg anløp av ferjeruta som var sett opp mellom Florø og Smørhamn på sørspissen av Bremanger-øya. Dette ferjeanløpet fall bort då Kalvåg og resten av Frøya fekk brusamband over Oldersundet i 1977.

Inngangspengar til Kalvåg-kaia

Folk som ville ned på kaia for å sjå på dampen i Kalvåg, måtte betale inngangspengar. I eit smug ned til Knudsen-kaia stod «Prylen» og kravde inn pengane. Han fekk oppnamnet sitt fordi han gav gutungar som lurde seg unna ein dask over baken. Liknande inngangspengar til kaia vart også kravd inn i Vik og Sogndal, sjå: Billett for å sjå dampbåten i Vik og: Billett for å sjå på «dampen» i Sogndal.

Dampskipskaia i Berle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia i Berle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berle

vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1876. Innløpet til Berlepollen er grunt, og i mange år dreiv ein mudring der for å gjere skipsleia djupare. I 1956 kunne endeleg eit større skip, lastebåten «Hornelen», passere sundet og leggje til kai i Berle – ei bygd som heilt fram til vegsambandet kom i 1976 var avhengig av båt til omverda.

Ålfoten med dampskipskaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ålfoten med dampskipskaia. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ålfoten

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1877. Fjordisen var m.a. årsak til at dampskipsekspedisjonen låg i den einbølte Askvika ute ved munningen av Ålfotenfjorden dei første åra. På 1870-talet var det difor planen å byggje veg ut til Askvika, men vegen vart berre fullført mellom Førde og Vik. Rutebåtkaia vart då flytta til Vik, og seinare til Myklebust. H.M. Vik vart ekspeditør i Ålfoten på 1890-talet.

Heilt til ferjesambandet Isane-Stårheim vart opna i 1972, vart Ålfoten, Isane, Dombestein og Davik trafikkerte dagleg av ei mjølkebåtrute til Nordfjordeid - driven av Martin Sunde.

Dampskipskaia på Hauge i Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia på Hauge i Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger

fekk rutestopp av ein lokalbåt som heitte «Bremangerholm» på 1880-talet. Kristoffer Hovden (1874-1960) frå Hovden i Flora var ein av dei første som skaffa seg oljedriven motorbåt i Sogn og Fjordane, og med «Sendingen» starta han like etter 1900 ei båtrute Bremanger-Bergen.

Seinare kom «Sendingen II», som Hovden brukte i ruta fram til andre verdskrig. Om sommaren frakta «Sendingen» m.a. badeturistar frå by'n til Grotlesanden.

Etter krigen leigde Hovden og sonen Ragnvald bort «Sendingen II» til Fylkesbaatane m.a. til ruta Bremanger-Bergen. Seinare gjekk denne båten, og deretter den innleigde båten «Opstad», i ruta Berle-Måløy med mellomstopp.

Botnane.

Botnane.

Botnane

vart stoppestad for Fylkesbaatane i 1886. I 1965 vart det bygt ny kai i Korsnesvikja på sørsida, og det vart råd å få med bilar og tyngre løft med heisekran. I 1969-1970 vart innløpet mudra slik at ferja kunne gå til kai i Botnane.

Hennøy

fekk rutestopp av Fylkesbaatane på 1890-talet.

Kjelkenes ferjekai med den gamle dampskipskaia i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelkenes ferjekai med den gamle dampskipskaia i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelkenes

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1881. Bygda låg sentralt til i Gulenfjordane, og hadde fått postkontor i 1871. Ferjeleiet på Kjelkenes kom i 1974, og ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn-Florø vart opna i januar 1975. I mai 2013 vart sambandet lagt ned då andre delen av Bremangersambanet vart opna.

Isane

fekk fast rutestopp av Fylkesbaatane kring 1900. I 1920-åra kom bygda med på lokalruta Måløy - indre Nordfjord. Ekspeditøren, kjøpmann A.O.Førde, bygde kai i 1936. Ferjesambandet Isane-Stårheim vart opna i 1972, og samstundes vart den lokale båtruta lagd ned.

Isane ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Isane ferjekai. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skatestraumen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane frå 1903, og var fast stoppestad på lokalruta Måløy-Berle så lenge denne gjekk.

Rylandspollen

i Bremanger fekk rutestopp av ein lokalbåt i 1908. Denne gjekk i rute mellom Bremanger, Florø og øyane i Kinn.

Svelgen ca. 1920 med kaia på Riseøyra.

Svelgen ca. 1920 med kaia på Riseøyra.

Svelgen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane i 1917, men alt året før hadde Fylkesbaatane sin «Nordfjord I» gjort ekstratur til Svelgen i samband med kraftutbygginga som gjekk føre seg der i regi av A/S Bremanger Kraftselskab. Bygda fekk fast rutestopp året etter, då kaia på Riseøyra vart teken i bruk.

I den første tida nytta kraftselskapet skyssbåten M/B «Roald» for frakt av folk og smågods til og frå rutebåtkaia på Kjelkenes. I 1919 kjøpte dei ein raskare båt, M/B «Svelgen», og i tillegg var M/B «Brødrene» ein kjend skyssbåt i Svelgen i åra kring 2. verdskrig. I 1958 kjøpte Bremanger Smelteverk inn skyssbåten M/B «Vantit» som vart nytta både til vanleg persontransport og til sjuketransport heilt fram til Svelgen fekk vegsamband mot Florø i 1965.

Leirgulen til venstre og Bortnen inst i fjordbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Leirgulen til venstre og Bortnen inst i fjordbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK

Leirgulen

fekk rutestopp av Fylkesbaatane kring 1915.

Bortnen

fekk rutestopp ca. 1917. Fram til 1998 vart bygda trafikkert av «Opstad» i den lokale ruta som gjekk mellom mange bygder i Bremanger og Måløy.

Oldeide ferjekai på 1960-talet. Denne dagen var det så høg flo at bussen ikkje kom seg om bord i ferja Vangsnes. Foto: Harald J. Stavang. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Oldeide ferjekai på 1960-talet. Denne dagen var det så høg flo at bussen ikkje kom seg om bord i ferja Vangsnes. Foto: Harald J. Stavang. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ferjesambandet Måløy-Oldeide

opna i 1947.

Oldeide ferjekai i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oldeide ferjekai i dag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ferjesambandet Stårheim-Isane

vart opna i 1972.

Ferjesambandet Kjelkenes-Smørhamn-Florø

vart opna i 1975, med stopp i Botnane. Då Norddalsfjordbrua opna i 1987, vart Florø sløyfa. I 1992 fekk Botnane vegutløysing, og etter det gjekk ferja berre mellom Smørhamn og Kjelkenes. I mai 2013 vart ferjesambandet lagt ned etter at siste delen av Bremangersambandet vart opna. Men same året vart det bilførande båtrute mellom Florø og Smørhamn.

Snøggbåten Nordfjord-Bergen

har i dag anløp i Smørhamn og Leirgulen.

Gjennom Skatestraumen er det til tider tett mellom båtane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gjennom Skatestraumen er det til tider tett mellom båtane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2016