Hopp til innhold
X
Innhald

Fiske var næring for alle

Sildefiske - teikning frå Skilling Magazin.

Sildefiske - teikning frå Skilling Magazin.

I gamal tid var fiske ei viktig attårnæring, ikkje berre for folket ved kysten, men for bønder langt inn over fjordane.

Mest kjend er diktarpresten Claus Frimann på Davik som hadde store notbruk og dreiv saltebuder og skiping av sild og fisk i stor stil til Bergen.

Men også mange vanlege menneske kunne slå seg godt opp på fiske. Eit døme er bonden Ole Josefson Åse (ca. 1679–1734) frå Davik. Då han døydde i 1734, var det ein seksring, ein fireroing og ei mangd kastenøter og fiskereiskapar i buet. Han eigde dessutan i ein «Bybaad» med mast og segl. Dette var truleg ein vengebåt.

Fiskebåtar ved kai i Iglandsvik på slutten av 1940-talet. Båten til venstre er Buholm, ved bua i bakgrunnen ligg Nyken, og nærast til høgre Olderveggen. Bua tilhøyrde Reidar Torvanger. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Grotle/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Langs kyst og fjordar – særleg i området langs Fåfjorden og innover langs hovudløpet til Nordfjorden, var det rigga til fleire lakseverpe (sitjenøter) som gav god avkasting. To av dei beste stod i Ortevika og Skarsteinneset ved Endal. Orteviks-verpet var i bruk til 1925. Også sitjenota på Stigeneset på Isane gav gode fangstar og var i bruk til eit stykke ut på 1900-talet.

Det er eit langt steg frå fiske i opne robåtar til dagens moderne fiskefarty. Her ligg fire i ulike storleikar til kai i Kalvåg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Det er eit langt steg frå fiske i opne robåtar til dagens moderne fiskefarty. Her ligg fire i ulike storleikar til kai i Kalvåg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 05.05.2010