Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeindustri i Bremanger

Bremanger Fiskeindustri i Kalvåg er den største arbeidsplassen innan fiskeindustrien i Bremanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bremanger Fiskeindustri i Kalvåg er den største arbeidsplassen innan fiskeindustrien i Bremanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiske var næring for alle

I gamal tid var fiske ei viktig attårnæring ikkje berre for folket ved kysten, men for bønder langt inn over fjordane.

Klippfisk var viktig salsprodukt

Det gode torskefisket som har vore både i Frøysjøen, Bremangerpollen og i Gulenfjordane, Hennøy og Bortnepollen gjorde at mange, både på øyane og fastlandet, dreiv produksjon av klippfisk.

Fiskeoppdrett i Bremanger

Fiskeoppdrett har dei siste 20 åra vore ei av dei største næringane i Bremanger kommune.

Andre fiskeverksemder:

Sildesalteri på Værøy

På eigedomen Værøy i Kalvåg bygde fire bergenskjøpmenn; F. Krefting, P. Petersen, Claus Hansen, A.R. Hille og J. N. Tjefers, eit sildesalteri – truleg kring 1850. I 1865 vart det selt til kjøpmennene Hans K. Gran og Ingebrikt Strand frå Bergen.

Jacob Blaauw Lieske

fødd 1849 i Bindalen starta i 1889 landhandel, sildesalteri og fiskeeksportforretning i Kalvåg.

Gulebuda på Bakke

Valdemar Gjertson Bakke (1849–1934) og sonen Albert V. Bakke (1880–1939) bygde ca. 1900 ei stor saltebu på Bakke i Rugsund.

Peder Terdal

grunnla i 1901 handel- og fiskeforretning i Bremanger.

Torvanger, der M.H. Torvanger heldt til. Til høgre handelsstaden Holmen. Foto: I. Ingebrigtsen. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Torvanger, der M.H. Torvanger heldt til. Til høgre handelsstaden Holmen. Foto: I. Ingebrigtsen. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

M.H. Torvanger

i Bremanger vart grunnlagt i 1909. Firmaet dreiv eksport av fersk fisk til Tyskland. Frå 1910 Sæter & Torvanger, med dampskipsekspedisjon og div. handel, fiskeforedling og hermetikkfabrikk.

Hermetikkfabrikkar for krabbe i Kalvåg

Ludvig Andersen starta i 1912 med krabbeproduksjon i Kalvåg.

Reidar Torvanger

starta landhandel og fiskeforretning i Bremanger 1913, og dreiv også fiskebåten «Hagbard».

Hamrøy A/S

grunnlagt 1918 i Kalvåg. Dreiv fiskehandel.

O. Eide

fiskemottak og fiskeforretning vart starta på Ryland i 1921 av Ola Andreas Eide (1888–1982). Han hadde tidlegare drive handel i Svortevik ved Førdefjorden. O. Eide var den første i Bremanger som eksporterte pigghå, og fiskebua og fryseriet hadde opptil 40 personar i arbeid i sesongen på 1950-talet.

Røys Preserving

Audun Røys starta i 1937 eigen hermetikkfabrikk.

Bremanger Fryseri AS

i Iglandsvik vart bygt i 1958. Hovudprodukta var sild, makrell og laks.

Bremanger Fiskeindustri

Bremanger Fiskeindustri

i Kalvåg vart etablert 1980 av Domstein-konsernet i Måløy.

Norway Pelagic AS

- sjå Bremanger Fiskeindustri.

Peder Bakke

– sjå «Fiskeoppdrett i Bremanger».

Brødrene Larsen Eftf. AS

fiskeindustri i Kalvåg vart skipa i 1996 av Audun Røys.

Fjord Shell AS

Etablert 2005. – sjå Davik Fiskefarm under Fiskeoppdrett i Bremanger.

Verdas største sildefangst i Svelgen?

Det som truleg er verdas største sildefangst vart gjort av to nordlandsbåtar under vintersildefisket i 1948.

Frøybas AS

ringnotreiarlag i Kalvåg vart skipa i 2009.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.04.2013