Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeoppdrett i Bremanger

K. Strømmen lakseoppdrett i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

K. Strømmen lakseoppdrett i Rugsund. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fiskeoppdrett har sidan 1980-talet vore ei av dei største næringane i Bremanger kommune.

Kristen Strømmen og Peder Bakke var pionérane som starta dei første lakseoppdretta tidleg kring 1970; Strømmen i Rugsund og Bakke ved Smørhamn. Bakke prøvde seinare på oppdrett av piggvar og kveite i temperert spillvatn frå Bremanger Smelteverk i Svelgen. I 1979 bygde Strømmen eige lakseslakteri i Rugsund, og frå Måløy kom Myrvang-brørne med Håkon Myrvang i spissen og bygde opp Davik Fiskefarm (sjå Davik Fiskeindustri ). I Botnane starta Norulv Øvrebotten eit stort setjefiskanlegg som seinare vart overteke av Firda Settefisk, eigd av Ola Braanas. Den Måløy-baserte Domstein- gruppa satsa frå 1985 tungt på oppdrett gjennom Domstein Salmon. Dei hadde stort lakseslakteri i Florø og kjøpte m.a. fleire store oppdrettsanlegg, mellom desse i Gulestø ved Frøysjøen og eit stort anlegg ved Endal ved Davik. I 2000 gjekk Domstein Salmon inn det Helgeland-baserte i Fjord Seafood, men selde sin aksjepost i 2005 til Marine Harvest, eigd av mangemilliardæren John Fredriksen. Han fekk seinare kontroll også over Pan Fish.

K. Strømmen Lakseoppdrett AS

i Rugsund vart grunnlagt av oppdrettspionéren Kristen Strømmen i 1972 og er største oppdrettsverksemda i Bremanger kommune.

Peder Bakke

Peder Bakke

frå Bremanger starta lakseoppdrett i Smørhamn på i 1969 som ein av dei første i fylket. Etter konkurs starta han på nytt i 1982, og han dreiv også med oppdrett av kveite og piggvar i Svelgen, der ein gjorde seg nytte av oppvarma spillvatn frå verket.

Myrvang-brørne

kom frå Måløy med Håkon i spissen og bygde opp Davik Fiskefarm (sjå Davik Fiskeindustri).

Ålfoten fiskefarm AS

Starta i 1984. Verksemda dreiv produksjon av settefisk og smolt. Konkurs i 2003.

Firda Settefisk avd. Botnane

Norulv Øvrebotten starta i 1985 settefiskanlegg i Botnane. Anlegget vart seinare overteke av Firda Settefisk.

Davik Fiskeindustri

på Davik vart i 2000 ein del av Pan Fish-gruppa, men vart grunnlagt sist på 1970-talet av brørne Håkon og Asbjørn Myrvang frå Måløy under namnet Davik Fiskefarm.

Davik Fiskefarm

- sjå Davik Fiskeindustri.

Norsk Marin Fisk AS

vart skipa på Davik i 1995 av Stig Bakke m.fl. og har spesialisert seg på oppdrett av torsk.

Norsk Marin Yngel

- sjå Norsk Marin Fisk AS.

Grotle Havbeite AS

vart starta i 2006 av Harald Grotle m. fl. Det skal avle opp hummar som vert sett ut som yngel i eit 11 kvadratkilometer stort havområde kring Bremanger. Der skal skaldyret etter planen leve så stasjonært at det let seg hauste etter nokre år i sjøen. Yngelen til havbeiteprosjektet vert klekt i det nedlagde anlegget til Bremanger Fryseri i Iglandsvik.

Les meir om fiskeindustrien i Bremanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011