Hopp til innhold
X
Innhald

Folkets Hus

Folkets Hus til høgre i biletet.

Folkets Hus til høgre i biletet.

Folkets Hus i Svelgen vart bygd i Vågen i 1920 og var fram til smelteverket bygde Svelgen Samfunnshus i 1961, det einaste større forsamlingslokale i Svelgen.

Før Folkets Hus vart reist, måtte møte og andre tilstellingar halde til i ei anleggsbrakke og i matsalen til anleggsarbeidarane. Dansemoro måtte skipast til på ein flake som vart bygd på Naustneset i 1918.

I Folkets Hus var det kino kvar sundag og onsdag. Under krigen vart huset annektert av tyskarane og nytta til kaserne. Huset vart rive i 1974.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010