Hopp til innhold
X
Innhald

Frøya kyrkje skapte bygdestrid

Frøya kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøya kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Frøya kyrkje like aust for Kalvåg vart bygd i 1865. Arkitekt var kunstmålar Anders Askevold, som òg har måla altartavla. (Askevold var også arkitekt og tavlemålar i Askvoll kyrkje i heimbygda si. – sjå Kyrkjer i Askvoll).

Altartavla frå den gamle Grotle kyrkje frå 1752 er teken vare på i kyrkja. Det første kyrkjetårnet var vaklevore og fekk skade under stormane. I 1933 vart tårnet difor fjerna og bytt ut med eit nytt med større grunnflate og kortare spir.

Strid om kyrkjeflytting

Flyttinga av kyrkjestaden frå Grotle på Bremangerlandet og over til Frøya, nær det aktive fiskeværet Kalvåg, førde til ein bitter bygdestrid i den unge Bremanger kommune: Den første presten som vart sokneprest i Bremanger etter sokne- og kommunedelinga i 1866 var Ulrik F. V. B. Koren. Han hamna midt oppe i striden der folk på Bremangerlandet og på fastlandet heller ville ha to nye kyrkjebygg – eitt på Kjelkenes for fastlandet og eitt på Bremangerlandet for øyfolket – i staden for ei felles kyrkje ved Kalvåg.

Striden vart først løyst då fastlandet i 1904 fekk eiga kyrkje på Kjelkenes, og bremangerfolket ei ny kyrkje på Hauge i 1914. Men i lang tid etter fekk bremangerfolket berre lov til å kalle Hauge-kyrkja eit kapell under hovudkyrkja på Frøyalandet: Heilt til 1952, då Hauge vart sjølvstendig soknekyrkje for Bremangerlandet, heitte kyrkja ved Kalvåg «Bremanger Kyrkje».

Kamp om kyrkjebenkane

I 1866 hadde to velhaldne menn i Kalvåg, kaieigar Z. Knudsen og A. Hauge, funne ut at dei ville ha eigne kyrkjebenkar for seg og sine. Søknaden fører til mykje rabalder og kjem opp i kommunestyret. Der vert det vedteke at ...« Stolsæderne blive indtil videre frie. Den forlangte stol bliver ikke solgt». Men karane gjev seg ikkje, og i 1867 bøyer kommunestyret litt av med å vedta at ...«Stolsæderne i kirken skal herefter være faste og blir at uddele efter matrikkelskylden». Sjølvaste lensmannen vert formann for ein kommisjon som får det tunge ansvaret å finne ei rettvis fordeling av kyrkjebenkane etter skyld!

Året etter har kommisjonen funne fram til ei ordning, men likevel slik at andre kunne setje seg der når stoleigarane sjølve ikkje møtte til messe. Ordninga varde berre eitt år. Då måtte kaksane gje opp stolprivilegia sine i Frøya-kyrkja og sleppe andre til i benkane sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011