Hopp til innhold
X
Innhald

Futar og diktarprestar på Davik

Frimannslund på Ytre-Davik - måleri frå 1840-talet.

Frimannslund på Ytre-Davik - måleri frå 1840-talet.

Futen budde på Davik

Frå 1609 til 1692 budde futen i Nordfjord på garden Ytre-Davik i Davik. Dette skjedde m.a. fordi ein meinte den tidlegare futegarden på Eide i Gloppen låg slik til at fjordisen hindra futen i å reise om vinteren. Dessutan var beste skogen på Eide-garden på denne tida hoggen ut, og dette hadde gjort garden mindre verd. – Les meir om futetida på gardane Eide og Evebøfoss under Gloppen kommune - Høvding- og futegarden Eide. Davik låg ikkje berre vest for isproblema, men låg samstundes langt meir sentralt i futedømet enn Gloppen.

På 1500-talet budde Nordfjord-futen også i bolkar på garden Maurstad på nordsida av fjorden – sjå Vågsøy kommune - Nordfjord-futen budde på Maurstad.

Futane som budde på Davik var:

  • Nils Findson 1609-1614.
  • Christen Søfrenson Wittrup 1615-1616. Huslyden hans budde i denne tida på Evebø.
  • Jakob Andersson Foss 1617-1623. Han vart seinare supendert, dømd for svik og avretta på Bergenhus festning.
  • Peder Jørgenson 1624-1632. Han flytta deretter til ein gard som han eigde i Loen.
  • Morits Jensson 1633-1639. Han flytta seinare til ein gard som han eigde på Rygg i Gloppen, og garden har sidan vorte kalla «Moritsgård».
  • Niels Harboe 1640-1641. Han vart deretter fut i Sunnfjord.
  • Peder Lauritsson Horsens 1642-1649. Han budde også ei tid på garden Maurstad på Bryggja, og vart seinare skrivar i Sunnfjord.
  • Jens Pedersson Randulf 1660-1661. Han vart sidan fut i Gauldal.
  • Jørgen Post 1662-1673. Han flytta seinare til ein gard som han eigde i Loen.
  • Hans Blix 1674-1682 (han var slektning av ein fut med same namn i Sogn - Hans Blix).
  • Mads Bjørnschou 1683-1692. Han vart suspendert, og budde sidan i Hessevik på Bryggja eit tid før han flytta til Bergen og starta som sakførar (prokurator).
  • Borgstova i Davik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Borgstova i Davik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Futegarden vart prestegard

    Etter at fute-tida var over, vart heile Ytre-Davik nytta som prestegard fram til 1740, då det vestlege Davik sokn vart skilt ut frå Eid som eige prestegjeld. Då vart ein del av Ytre-Davik skilt ut som eigen prestegard, og resten delt på andre brukarar.

    På Davik prestegard vart det i 1741 sett opp etter måten stort bustadhus for den nye presten. Her var det plass til både storstove, «herrekammer», daglegstove og «studiekammer», utstyrte med kakkelomnar og store vindauge.

    Prestegardsalléen i Davik - eldre prospektkort, ukjend fotograf.

    Prestegardsalléen i Davik - eldre prospektkort, ukjend fotograf.

    Stasgarden Frimannslund

    På 1690-talet vart res. kapellan i Eid, Claus Frimann d.e., eigar av ein del av Ytre-Davik som vart kalla Haugen. Denne garden var det diktarpresten Claus Frimann (1746-1829) fekk hand om gjennom arv etter mora i 1785. Han bygde eit staseleg herskapshus på to etasjar og med halvvalma tak på høgda over sjøen. Claus Frimann anla ein flott hage med vegar, og planta trealléar og frukttre. Nede ved fjorden bygde han ei bryggje.

    Eigedomen kalla han 1821 for «Frimannslund», og garden vart i åra som fylgde ein samlingsstad for overklassen i Nordfjord med den festglade diktarpresten som vert for store festar.

    Claus Frimann planta også ein eigen «diktarlund» av furetre like ved kyrkja på Davik. I tillegg til prestegjerninga, var Claus Frimann ein dyktig forretningsmann som dreiv stort med eigne jekter, sildebruk og salteri.

    Det tidlegare prestegardshuset frå Davik står no på garden Vik i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Det tidlegare prestegardshuset frå Davik står no på garden Vik i Stryn. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Huset flytta til Stryn

    Då Claus Frimann døydde i 1829, tok sonen Peter Harboe Frimann (1784-1845) over på Frimannslund. Men då han døydde i 1845, vart garden seld på auksjon. Det var den rike jordeigaren Ole Vik i Stryn som fekk tilslaget. Han reiv det staselege herskapshuset på Frimannslund og flytta det til Vik i Stryn, der det framleis står i dag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010