Hopp til innhold
X
Innhald

Fylgde kveita til botnar

Askvika. Foto frå Bremanger bygdebok.

Askvika. Foto frå Bremanger bygdebok.

I 1793 bar det til ei svært spesiell drukningsulukke ved den einbølte garden Askvika ved innløpet til Ålfoten:

Gardbrukaren Ole Larsson Busch var ute og fiska og heldt på å dra opp ei kjempekveite då han hekta seg fast i den solide kveiteangelen. Han makta ikkje å få kveita opp i båten, og angelen sat fast i Ole. Basketaket mellom mann og fisk enda med at Ole fylgde med kveita ned i djupet. Men både Ole og kveita vart seinare funne att, og ved gravølet til Ole vart det servert kveitemiddag!

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018