Hopp til innhold
X
Innhald

Gamal vete ved Davik

I det gamle militære varslingssystemet med vetar, låg det i eldre tid ein vete vest for Davik. Truleg låg denne veten på Vardeheia (488 m.o.h.) like ovanfor Endal.

På garden Askeland ligg det elles ein ringmur som kan ha vore ein vete fordi den ligg på Ugleneset – eit nes som er godt synleg både innetter og utetter fjorden. Det var nemleg ikkje uvanleg at vetane låg på nes heilt nede i sjøkanten – berre staden fylte vilkåra for å vere godt synleg frå dei næraste vetepunkta ikring.

Slike lågtliggjande vetar fann ein elles på fjellet Kletten like ved Måløysundet, og på Hamre i Leikanger i Sogn.

Sjå elles artikkelen om det gamle vetesystemet i Nordfjord.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.04.2008