Hopp til innhold
X
Innhald

Gamlekyrkja på Grotle

Grotle sett frå stien opp til Veten. Foto: Frida Mulen.

Grotle sett frå stien opp til Veten. Foto: Frida Mulen.

På Grotle i Bremanger har det frå mellomalderen vore kyrkje.
Segna vil ha det til at dei fyrste busetjarane på Grotle kom frå Skottland. Ei anna segn vil ha det til at det på 1300-talet budde ein mektig og rik baron på Grotle som heitte Serk. – Les meir om dette under Historie: Budde det ein baron på Grotle? .

Kyrkja på Grotle vart bytt ut med ei ny kyrkje i 1695. Denne vart lagd ned i 1866, då soknet fekk ny kyrkje ved Kalvåg. Flyttinga av kyrkjestaden frå Grotle til Kalvåg førde til ein bitter bygdestrid, som i 1914 vart løyst ved at ei ny kyrkje vart bygd på Hauge i Bremanger. – Les meir om dette under Frøya kyrkje.

Den gamle gravstaden på Grotle er teken vare på som kulturminne.

Trappa frå kyrkja på Grotle er brukt omatt i Abelsen-huset i Kalvåg. Foto: Ove Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Trappa frå kyrkja på Grotle er brukt omatt i Abelsen-huset i Kalvåg. Foto: Ove Totland. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010