Hopp til innhold
X
Innhald

Gravrøyser i Botnane

Søre røysa i Botnane. Foto: Ståle Sørbotten.

Søre røysa i Botnane. Foto: Ståle Sørbotten.

I Botnane er det funne spor etter ein steinalderbuplass på garden Øvrebotten.

Frå den eldre bronsealderen (1700-1000 f. kr. f.) er det funne seks store gravrøyser. «Fremsterøysa» er den største, den måler 36 meter i diameter. Høgste røysa er fem meter høg. Alle røysene har vorte røva i eldre tider, slik at det berre er funne nokre få pottebrot og beinrestar etter dei som vart gravlagde der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2010