Gravrøyser og skipsfunn i Berle

Berle. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I Berle har ein funne mange spor etter tidleg busetjing:
På garden Lillehauge ligg Kyrkjehogjen, ei gravrøys frå jernalderen som er 20 meter i tverrsmål og 2,5 meter høg. Kring denne finn ein fem andre gravrøyser, og i tidlegare tider stod det også ein bautastein der.
På Gotraneset på garden Skarstein er det funne to gravrøyser frå vikingtida 800-1000 e.Kr.f. Her har ein også funne restar etter ein båt frå tidleg mellomalder, d.v.s. 12-1300-talet. Skipet kan ha vore på storleik med Gokstadskipet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 04.05.2010