Hopp til innhold
X
Innhald

Gunnar Schjelderup

Gunnar Schjelderup (1895-1972) frå Oslo. Industrimann.

Gunnar Schjelderup (1895-1972) frå Oslo. Industrimann.

Diplomingeniør frå universitetet i Dresden 1917. Schjelderup var adm. direktør i Christiania Spigerverk frå 1926 til 1962, og spela ei sentral rolle i utviklinga av norsk stålindustri.

Byste av Gunnar Schjelderup ved Svelgen Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byste av Gunnar Schjelderup ved Svelgen Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gunnar Schjelderup var medeigar i Rødsand Gruver på Nordmøre og stod sentralt i leiinga då Bremanger Smelteverk vart bygd i 1928, og Christiania Spigerverk vart medeigar. Han gjorde opptaket då konsernet vart eineeigar av Bremanger Smelteverk i 1955 og starta ei storfelt utbygging av smelteverk og kraftstasjonar i Svelgen. I tillegg til det gamle rujernproduktet VanTit, vart det i 1956 starta produksjon av ferrosilisium i Svelgen.

I Schjelderup si leiartid tok eigarselskapet på seg store samfunnsoppgåver med bustadreising og utlegging av bustadfelt i Svelgen, og deltok med tilskot og finansiering av viktig infrastruktur. M.a. bygde smelteverket Svelgen Samfunnhus i 1961 og gav det til bygda. I tillegg til festsalar, bibliotek og andre offentlege kontor, var det også plass til ei mengd forretningar og eit hotell i samfunnshuset.

Schjelderup vart påskjøna for innsatsen sin ved å få gata ”Gunnar Schjelderupsveg” kalla opp etter seg, og ein byste av Schjelderup er reist ved Svelgen Samfunnshus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010