Hopp til innhold
X
Innhald

Halshoggen for hekseri

I juli 1658 fall skarprettarøksa over nakken til Gjertrud Andersdotter Hunskår. Deretter vart liket brent. Gjertrud var dømd til døden for trolldom og horeri. Gjertud var ein fattig tiggar som tydelegvis slengde litt spitord etter folk som ikkje var gåvmilde, og truga dei med ulukke.

I hekseprosessen mot Gjertrud vart det hevda at alle som ho hadde slengt trugsmål imot, hadde vorte råka av ulukker. Dette måtte vere Gjertrud sitt verk: Ein kall hadde mista ei ku etter trugsmåla frå Gjertud. Til og med presten Samuel Bugge kunne vitne at Gjertrud to gonger hadde stått opp frå dei døde: Ho låg til og med i kista i kyrkja då ho skulle ha sparka av loket og hoppa ut, vitna presten! Bugge viste elles til at trolldomskunstane «må ha lege i slekta», for også bestemora til Gjertrud hadde vorte dømd og brend for hekseri.

Men før Gjertud fekk hovudet skilt frå kroppen, vitna ho om at også ei anna kone frå Hunskår, Lisbet Skår, hadde fare med trolldom. Korleis det gjekk med Lisbet etter dette, veit ingen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018