Hopp til innhold
X
Innhald

Handel i Berle

Kjøpmann Harald Skaar på det gamle handelssetet Rugsund starta saman med sonen Lars Skaar ein landhandel på Ødegårdsbuda i Berle i 1947. Kring 1955 overtok Lars sin bror, Arne Skaar, og ektemaken Eldbjørg landhandelen og bygde eit stort forretningsbygg. Butikken vart driven til eit stykke fram på 1990-talet.

Den første landhandelen som ein kjenner til i Berle, var det Karl Hauge som starta, truleg ein gong på 1890-talet. Butikken hadde han i kjellaren på garden sin på Indre Hauge. Kring 1905 starta Isak Dalsbotten med landhandel i Berle, og Samson Nyborg dreiv butikk i bygda frå 1925 og utover.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008