Hopp til innhold
X
Innhald

Handel i Bremanger

Landhandelen til Knut K. Kjelkenes i Svelgen.

Landhandelen til Knut K. Kjelkenes i Svelgen.

Tidleg fiskehandel på Liset

I ein lun våg på sørsida av Frøya ligg gardane Liset. Den korte vegen til rike fiskefelt gjorde at folket på Liset alt i mellomalderen var kjende som velståande fiskarbønder.

Handelsstaden Rugsund

Handelsstaden Rugsund hadde privilegium som kremmarleie frå tidleg 1600-tal.

Handel og gjestgiveri i Bremanger

Den første kjende handelen i Bremanger kom på Holmen og Grolsberget på Torvanger på slutten av 1600-talet.

Handelsstaden Smørhamn

Handelsstaden Smørhamn hadde handelsprivilegium og vart skysstasjon frå omlag 1680.

Tidleg handel på Nødset

I grenda Nødset på sørsida av Bremangerpollen starta Søren Larsson med fiskehandel kring 1689.

Berle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Berle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjestgiveri i Berle

På 1600-talet var det i nokre år gjestgiveri og skysstasjon i Berle. Skysskaffar Elling Mogensson Berløff budde på garden Lillehauge og var registrert som gjestgjevar og skysskaffar i 1640-1650-åra.

Skjenking på Oldeide?

Lokalhistorikar Hans Erik Endal fortel at det truleg på 1840-talet kom to jødar til Oldeide og busette seg i Fåkeila, der dei dreiv ei lita skjenkestove.

Fiskeværet Kalvåg

Fiskeværet Kalvåg vart det sentrale fiskeværet ved sida av Rognaldsvåg og Florø under dei store sildefiskeria kring Kinn og Frøysjøen frå ca. 1800 til 1870.

Handelsfamilien Melstvedt og Lepsøe

Dreiv landhandel, dampskipskai, salteri, fiskebåtar og fraktefart i Kalvåg.

Handel og gjestgiveri på Dombestein

Aust for Davik ligg den vesle grenda Dombestein. Her bygde folk frå den mektige Wiese-ætta eit vakkert hus med halvvalma tak. «Wiesehuset» står framleis like ovanfor riksvegen på Dombestein.

Per Øysteinson Nes

frå Hyllestad starta landhandel i Bremanger kring 1860. Etter nokre få år i Bremanger starta han butikk i Kalvåg. Truleg gjekk han konkurs i 1882, for då vart eigedomen hans selt på tvangsauksjon.

Handelsmann Rasmus Eide

Rasmus Eide frå Selje starta som handelsmann i Kalvåg tidleg på 1860-talet. I 1891 vart krambua hans overteken av Abel Ulriksen.

Bremanger Spareforening

vart skipa i 1871. Selskapet dreiv landhandel, bakeri, og fiskeeksport frå Kalvåg.

Hans Jakobsen Rake

frå Loen kom som gardbrukar til Sandvik i Midtgulen i 1871. I tillegg til garden dreiv Hans med krøterhandel kringom i bygdene, og med fiskehandel frå buda si om vintrane.

Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen

I 1877 starta Arnt K. Kjelkenes med postopneri og butikk på Kjelkenes.

Handel på kaia i Davik

Ivar Wiik starta landhandel på nedre Davik kring 1880. Her vart det også bygd dampskipskai. Vik eigde også gard på Huslid.

P. A. Drageset AS

landhandel på Davik frå 1923 - sjå Handel på kaia i Davik.

Berent Gjertsen Haugland

frå Klubben i Hennøy starta landhandel i eiga sjøbu i Strømmen i Rugsund i 1885. Karl Jesperson Haugland frå Hennøy tok over butikken i 1903, og bygde eige bakeri i 1908. Butikken vart driven til 1965.

Rugsundstraumen med dampskipskaia på fastlandet, der ruteanløpa til Fylkesbaatane har vore sidan 1919. Foto: Harstad Kunstforlag.

Rugsundstraumen med dampskipskaia på fastlandet, der ruteanløpa til Fylkesbaatane har vore sidan 1919. Foto: Harstad Kunstforlag.

Lars J. Fløtre

starta landhandel i Rugsund i 1886, seinare overteke av sonen John Fløtre. Dei hadde også dampskipsekspedisjonen i Strømmen.

Jacob Blaauw Lieske

fødd 1849 i Bindalen starta i 1889 landhandel, sildesalteri og fiskeeksportforretning i Kalvåg, og var med og starta reiarlag med fiskebåtar.

A. Vossbotten

starta landhandel på Kalvøya i Kalvåg i 1899. Eigedomen vart seinare kjøpt av fiskehandlar Lars P. Lefdal frå Måløy. Han gjekk konkurs eit stykke ut på 1920-talet.

Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik

- Les meir under Vågsøy kommune om dei to brørne frå den einbølte bygda Vetvik på vestsida av Bremangerlandet som kom til Måløy i 1899 og vart fiskeripionérar og store fiskehandlarar, artikkelen: [[Fiskeripionérane Rasmus og Johan Vetvik]].

Ole Antonson Muleli

dreiv kring 1900 ein liten landhandel på ein stad som heiter Lisjemuleli i Midtgulen. Muleli hadde poliomyelitt og døydde i 1912.

Peder Terdal

grunnla i 1901 handel- og fiskeforretning i Bremanger.

Johs. Frøyen

starta ass. landhandel i Kalvåg i 1902.

Karl Haugland landhandel

i Strømmen i 1903 – sjå Berent Gjertsen Haugland 1885.

Kristoffer Myklebust

starta landhandel i Ålfoten kring 1910.

Søren Ryssdal

frå Sandane starta landhandel i Ålfoten tidleg på 1900-talet. Den vart seinare overteken av Henrik Førde som dreiv til 1929.

Bakeri i Ålfoten

Ei kvinne med etternamn Heggdal frå Innvik starta kring 1910 bakeri i Ålfoten. Det vart seinare overteke av Ola Askevik, men han slutta av helsegrunnar kring 1920.

Reidar Torvanger

starta landhandel og fiskeforretning i Bremanger i 1913, og dreiv også fiskebåten «Hagbard».

M. Håvardstun daglegvarer

- sjå Reidar Torvanger.

Spar Bremanger

- sjå Reidar Torvanger.

Andreas S. Lofnes

starta landhandel på Lofnes i 1914, og dreiv butikken ved sida av gardsbruk og fiske. Han gjekk konkurs i 1927.

Abraham Sørbotnen

starta landhandel i Kalvåg i 1915.

Henrik Frimannslund

dreiv handel på Kjelkenes før han kring 1917 starta landhandel i Svelgen. – Les meir under artikkelen: Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.

Knut K. Kjelkenes

landhandel i Svelgen vart starta i 1917 av Knut M. Knutson Kjelkenes.

Hamrøy A/S

vart grunnlagt 1918 i Kalvåg. Firmaet dreiv fiskehandel.

Martin H. Torvanger

bygde fiskebu i 1918 og starta landhandel og fiskemottak på Torvanger. Bua låg først på ein holme, men var gjort landfast sist på 1930-talet.

Ingvald Øvrebotten

starta i 1921 landhandel i Kalvåg.

Ola Eide

fødd 1888 skipa i 1921 handels- og fiskemottak m.m. på Ryland. Hadde opptil 40 personar i arbeid i sesongen på 1950-talet.

Audun Røys

grunnla i 1923 handels- og fiskeforretning i Kalvåg.

Kalvåg Handel AS

- sjå Audun Røys .

Svelgen Kjøpelag

vart skipa av dei tilsette ved A/S Bremanger Kraftselskap i 1923.

Svelgen Handelslag

Svelgen Handelslag

vart skipa i 1929. Sjå Svelgen Kjøpelag. Sjå elles artikkelen Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.

Coop Marked Svelgen

- sjå Svelgen Kjøpelag.

Elles har desse drive landhandel:

På Isane Alfred Førde (grunnlagt 1921), i Ålfoten Ths. Myklebust og Henrik Førde. I Rugsund Harald Skaar (sjå Handelsstaden Rugsund).

Autorisert radioforhandlar

etablerte seg i Svelgen i 1925 – den første i Sogn og Fjordane.

Ivar Apalseth

og ektemaken Katrina dreiv frå 1926 landhandel og fiskemottak i Iglandsvik. Eigedomen vart selt til Laurits Førland i 1958.

B.G. Berge

Jenny og Botolf Berge starta landhandel på Daviknes i 1927. Jenny hadde drive handel i Måløy før ho starta på Daviknes. Landhandelen vart seinare driven av Arnfrid og Bjarne Hammersvik, og vart lagd ned i 1965.

Rasmus O. Dyrstad

starta landhandel og oljeforretning på Dyrstad kring 1930. Han dreiv også trelastforretning i Svelgen.

Paul M. Leirgulen

starta landhandel i Leirgulen i 1932. Dottera Liv Leirgulen Hamre tok over butikken kring 1980. Ho dreiv til 2010, då butikken vart overteken av Terese Kolset og Avital Stanger.

Rolf Sande dreiv bakeri i denne bygningen i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rolf Sande dreiv bakeri i denne bygningen i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rolf Sande

starta 1932 forretning i Svelgen, med landhandel, bakeri og pensjonat. Han tok då over ei forretning som onkelen Kristen Sande hadde drive i nokre år. Sonen Rolf Sande jr. tok seinare over bakeriet.

Thomas og Hjørdis Myklebust

starta landhandel på Myklebust i Ålfoten i 1933. I 1956 bygde dei nytt forretningsbygg.

Den tidlegare landhanelen til P. Igland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare landhanelen til P. Igland. Foto: Ottar Starheim, NRK.

P. Igland

grunnlagt i Bremanger 1937 av Peder Igland. Dreiv landhandel på Igland.

Gulen Samyrkelag

på Kjelkenes 1946 - sjå artikkelen Første handelen på Kjelkenes og i Svelgen.

Handel i Berle

Kjøpmann Harald Skaar på det gamle handelssetet Rugsund starta saman med sonen Lars Skaar ein landhandel på Ødegårdsbuda i Berle i 1947.

Den tidlegare skobutikken til Eikeset i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Den tidlegare skobutikken til Eikeset i Svelgen. Foto: Arild Nybø, NRK.

Ragnar Eikeset

hadde drive mange år som skomakar då han i 1958 starta skobutikk i eige forretningsbygg i Svelgen sentrum. Dottera Berit Randi Eikeset Bakke tok over i 1984 og dreiv fram til ho la ned i 2002.

Hukset A/S

med Audun Hukset i Førde som hovudaksjonær, starta klesbutikk i det nybygde Svelgen samfunnshus i 1961, med Knut Hallset frå Svelgen som dagleg leiar.

Centrum AS

varehus i Svelgen, starta i 1968 av Svein Vågene – sjå Hukset A/S. I 2014 vart varehuset lagt ned.

Kristen T. Førde

starta landhandel i Ålfoten midt på 1960-talet. Han dreiv også dampskipskaia. Då han døydde i 1997, overtok Ålfoten Nærbutikk AS, og har drive sidan som einaste forretninga i bygda.

Ålfoten Nærbutikk AS

- 1997 - sjå Kristen Førde ovanfor.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.03.2014