Hopp til innhold
X
Innhald

Handel og gjestgiveri i Bremanger

Fisketørking på berga ved den gamle handelsstaden Holmen i Bremanger.

Fisketørking på berga ved den gamle handelsstaden Holmen i Bremanger.

Den første kjende handelen i Bremanger kom på Holmen og Grolsberget på Torvanger på slutten av 1600-talet.
Den eldste opplysninga om handel er frå 1668 då kremmaren Margrete Fester på Holmen kravde oppgjer for varer som ein kunde hadde kjøpt på borg. Margrete Fester budde sjølv i Bergen og dreiv kremmarleiet på Holmen med butikkbetjenten Søren Larsson Nødset og seinare Torstein Olsen. Torstein Olsen dreiv oppkjøp av fiske og lever og bytte til seg brennevin og tobakk frå Bergen som han selde med god forteneste i heimbygda - og vart hekta og fekk bot fordi han dreiv tuskhandel med varene på kyrkjebakken. Til fiskefrakta frå Bremanger til Bergen nytta han ein stor vengebåt. Erik Struenn Senneset starta handel på naboeigedomen Holmen omlag samstundes med Torstein Olsen på Grolsberget. Men Erik Struenn Senneset døydde i 1697, kort tid etter at han starta handelen. Heller ikkje Torstein Olsen gjekk det så bra med: I 1702 sat han opp over øyra i skatterestansar, og året etter drukna han.

Den gamle handelsstaden på Holmen heilt til høgre i biletet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Den gamle handelsstaden på Holmen heilt til høgre i biletet. Foto: K. Knudsen. Eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tuskhandel og gapestokk

På Grolsberget veit ein at det på slutten av 1600-talet budde eit par som heitte Anders Olavsson og Marite Pedersdotter og som dreiv med handel på Nord-Noreg. Truleg var det snakk om småhandel. På same vis som Torstein Olsen dreiv Anders tuskhandel av øl på kyrkjebakken på Grotle og fekk bøter for det i 1691. Kona Marite var elles kjend for å vere snarsint og stygg i kjeften. Ho fekk sone i gapestokken for sleivkjeften sin. Både Grolsberget og Holmen var på den tida eigd av Johan Mejer som i 1694 selde til Jakob Olavsson frå Lammetun i Askvoll. I 1707 finn vi borgaren Jens Jenson som handelsmann på Holmen, men heller ikkje han vart eigar så lenge.

Fester-folket frå Vågsvåg kjem inn på Holmen

I 1711 tok Rasmus Alexandersen Fester over Holmen, og året etter kjøpte broren Helle Fester (fødd 1689) naboeigedomen Grolsberget av Jakob Lammetun. Kort tid etter kjøpte Helle Fester eigedomen Holmen frå bergensaren Christan Jæger. Fester-folket kom frå kremmarslekta på Vågsberget ved Måløy (sjå Handelsstaden Vågsberget, Vågsøy kommune). Faren til Helle var Alexander Didrikson Fester som fekk kongebrev på handelen på Vågsberget i 1692. Både Helle Fester og seinare sonen Alexander Fester må ha hatt omfattande handel på Holmen, for då Alexander Fester døydde i 1743, vart 17 hus på Holmen og Grolsberget verdsette til 286 dalar. Han hadde i tillegg to jekter verd 152 dalar. Men trass i stor aktivitet slukte gjelda det meste av verdiane i dødsbuet, og det enda med at Henrik Mejerhof i Bergen slo under seg eigedomane og handelsretten i Bremanger.

Slektskopling mot Smørhamn-kremmaren

I 1758 finn vi Mads Tybring Quale som eigar på Holmen. Han kom frå kremmarslekta i Smørhamn. I 1761 fekk Mads løyve til å drive skjenkestove og gjestgiveri på Holmen. Mads døydde i 1763, og enkja Maria Kristine Bruus og sonen Mads dreiv vidare fram til Maria døydde i 1770. Neste eigar var Jørgen Balchen som hadde slektsband til dei førre eigarane. Men heller ikkje han fekk lønsemnd på Holmen. Bygningane skranta, og då han døydde i 1777, vart eigedomen seld til Olav Rasmussen Bruland frå Utvik i Nordfjord. Bruland fekk drive staden som før, med unntak av at han ikkje fekk lov til å brenne brennevinet sitt sjølv. Bruland døydde i 1785. Enkja etter Bruland gifta seg no med Mads Tybring Quale d.y. som var sonen til ein tidlegare eigar. I folketeljinga i 1801 vert Quale også omtala som losoldermann. Då han døydde i 1840, var gjelda større enn verdiane i buet. Etter fleire eigarskifte kom Sjur Flamer frå Luster inn som eigar på Holmen og Grolsberget i 1853. Flamer hadde seks tilsette i landhandelen sin. Men sildefisket slo feil, og Flamer selde i 1878 til sunnmøringen og jekteskipperen Jakob Ekrem. I 1886 vart eigedomen seld på auksjon til M.A. Rosendahl, og året etter til Anders Mikkelsen Hauge som i tillegg til handel også dreiv postopneri på Holmen.

Ein av bussane til Terdal ved Hauge skule på slutten av 1950-talet. Ukjend fotograf, eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein av bussane til Terdal ved Hauge skule på slutten av 1950-talet. Ukjend fotograf, eigar: Kurt Arne Hauge/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

P. Terdal tek over

Peder A. Terdal (1873–1930) vart eigar i 1901. Han kom frå garden Terdal ved Florø og hadde skaffa seg kontaktar i England etter ei tid som fiskar på ein britisk trålar. I tillegg til handel og bakeri bygde han seinare også røykeri, trandamperi og leverpresse på Holmen. I 1930 starta firma P. Terdal eksport av hermetisk krabbe til England. Då dottera Anna Terdal og svigersonen Kristoffer K. Førde tok over i 1930, var dei oppe i 20 tilsette i sesongen. Krabbefabrikken var i drift til 2. verdskrig. I 1954 flytta Anna og Kristoffer Førde fiskemottaket sitt frå Holmen til Hauge. Der dreiv dei også produksjon av fiskekaker.

Terdal starta rutebil

Sonen til Peder A. Terdal, Abraham Terdal og systera Johanna, tok over eigedomen på Holmen og Grolsberget i 1935. Dette sameieget vart oppløyst i 1956. Sonen til Abraham, Ottar Terdal, tok over eigedomane i Holmen i 1970, og seinare gjekk eigedomen til systera til Ottar, Annlaug. Abraham Terdal hadde like før 2. verdskrig starta gods- og persontransport, og like etter krigen kjøpte han den første bussen og skipa Rutebilane i Bremanger. Det lokale trafikkselskapet har kring sju bussar og lastebilar i drift. Frå 1958 og nokre år frametter dreiv Terdal m.a. ei godsbilrute mellom Måløy og Bremanger. Sonen til Abraham, Paul Terdal, tok seinare over drifta av rutebilselskapet. På Hauge bygde firmaet opp eit stort servicebygg for bildrifta, og dreiv dessutan landhandel, bakeri og dampskipsekspedisjon.

Rutebilane i Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rutebilane i Bremanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2012