Handel og gjestgiveri på Dombestein

Wiesehuset. Foto: Merete Husmo HøidalOttar Starheim
Aust for Davik ligg den vesle grenda Dombestein. Eit vakkert hus med halvvalma tak står framleis og vitnar om fordums stordom: «Wiesehuset» er frå 1780 og ligg like ovanfor riksvegen på Dombestein.
Les meir om Wiese-folket under:
Frå 1850 var det Johan Chr. Wiese som dreiv handel og gjestgiveri på Dombestein. Her var det også skysstasjon, og Dombestein vart mykje nytta som «mellomlanding» for fiskarar og jektefolk som siglde ut og inn fjorden. Nede ved sjøen låg det to store buder, og framleis kan ein finne att steinkara etter desse sjøhusa.
Andre generasjon Wiese, Peter C. Wiese, flytta i 1893 til Rugsund og overtok det gamle handelssetet der.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 23.04.2010