Hopp til innhold
X
Innhald

Handel på kaia i Davik

Dampskipskaia med Drageset-butikken i Davik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dampskipskaia med Drageset-butikken i Davik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ivar Wiik (1859-1911) frå Ålfoten starta landhandel på nedre Davik kring 1880. Her vart det også bygd dampskipskai. Wiik eigde også gard på Huslid.

Familien Drageset utanfor butikken i 1930. Foto frå Bremanger bygdebok.

Familien Drageset utanfor butikken i 1930. Foto frå Bremanger bygdebok.

Første motorbåten

Ein av sønene til Ivar, Ole Wiik, kjøpte den første motorbåten til Davik, ”Daven”, og dreiv fiske og skyss med den. Sonen Josef overtok etter Ivar i 1904, men då han drog til Amerika i 1907, overtok Olaf Skarstein frå Sandane landhandelen og dampskipskaia. Etter at Olaf døydde i 1915, dreiv enkja Helene vidare i nokre år før ho gav seg og flytta til Sandane.

Drageset overtok

I 1923 overtok Paul A. Drageset frå Innvik både landhandel med bakeri, dampskipsekedisjon og telefonsentral, og då han døydde i 1939, overtok sonen Arnvid Drageset. I 1936 bygde Drageset nytt forretningsbygg på kaia, og den gamla handelsbuda vart sidan nytta som lager. Han dreiv også bunkserstasjon og bensinstasjon. Ny kai vart bygd i 1951. I 1983 vart butikkdrifta omgjort til AS, eigd av familien med sonen til Arnvid, Paul, som disponent. 1983 vart det reist nybygg ovanfor kaia nærmare riksvegen. Seinare overtok Frode Drageset familiebedrifta. Men han måtte gje seg på grunn av sjukdom i 2013. Firmaet P. A. Drageset vart då selt til Karstein Bakke for 2,65 millionar kroner.

Forretningsbygget som vart reist i 1983. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som vart reist i 1983. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2013