Hopp til innhold
X
Innhald

Handelsfamilien Melstvedt og Lepsøe

Bygningane på Knutholmen er i stor grad dei same som i Melstvedt si tid. Foto: Ole Stenbakk.

Bygningane på Knutholmen er i stor grad dei same som i Melstvedt si tid. Foto: Ole Stenbakk.

Johannes Melstvedt frå Hardanger vart frå 1867 den sentrale handelsmannen i fiskeværet Kalvåg. Han dreiv landhandel, dampskipskai, fiskeeksport og fraktebåtar. Melstvedt var utlærd smed og dreiv difor også smedforretning og skipsbyggeri. Svikt i fisket gjorde at han gjekk konkurs i 1873. I 1876 drukna Johannes Melstvedt ved Ånnevika.

Enkja tok over i Kalvåg

Enkja Ranveig Melstvedt tok over forretningane i Kalvåg og dreiv til sonen Johan tok over i 1894. Familien kjøpte opp fleire eigedomar og vart etter kvart eigarar av det meste av det som no er Kalvåg sentrum.

Bygde tranbrenneri

I 1899 starta Johan Melstvedt og Bernt P. Frøyen tranbrenneri på Kalvøyna på sørsida av vågen.

Saltebua som Melstvedt kjøpte av Ivar Karlsen og som seinare vart overteken av Bremanger Spareforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Saltebua som Melstvedt kjøpte av Ivar Karlsen og som seinare vart overteken av Bremanger Spareforening. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjøpte største saltebuda

I 1917 kjøpte Melstvedt saman med Andreas Strømmen den største saltebua i Kalvåg av Ivar Karlsen. Karlsen kom frå Hardanger i 1910 og bygde opp ei stor fiskeforretning på Kalvøya der Domstein-anlegget ligg i dag.

Johan Melstvedt.

Johan Melstvedt.

Blei millionær

Johan Melstvedt slo seg opp til millionær under jobbetida kring 1. verdskrig, men fekk problem i dei vanskelege 20-åra. Eigedomane i Kalvåg vart selde på tvangsauksjon i 1932. «Karlsen-buda» på Kalvøya gjekk over til Bremanger Spareforening som seinare selde til den kjende rutebåteigaren og fiskeeksportøren Kristoffer Hovden. Hovden var den største fiskehandlaren i Kalvåg i dei store sildeåra på 1950-talet.

Lepsøe vart reiar

Torstein Lepsøe kom til Kalvåg kring 1860 og vart gift med Brita Melstvedt, dotter til Johannes Melstvedt. Lepsøe vart jekteeigar og fiskebåtreiar og dreiv fiskemottak, sildesalting og eksport frå budene sine i Kalvåg. I eit tilbygg til fiskebuda dreiv han landhandel og hotell med kafé. – Sjå også Abraham Sørbotnen. Kaféen vart nokre år fram til 1933 drive av Samson og Inga Jensson.

Brita og Torstein Lepsøe.

Brita og Torstein Lepsøe.

Røys Preserving

Audun Røys tok over eigedomane etter Torstein Lepsøe og dreiv både handel, fiskekakeproduksjon og ein hermetikkfabrikk - Røys Preserving - som i krabbesesongen kunne sysselsetje opptil 32 personar.

Framleis synleg

Dei gamle bygningane etter Melstvedt og Lepsøe-folket er i dag sentrale element i gjestgjevarstaden på Knutholmen, eigd og driven av Svein Inge Fosse.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.04.2010