Hopp til innhold
X
Innhald

Hans Andreas Lexau

Hans Andreas Lexau (1826-1884) frå Bremanger, busett på Husøy i Solund. Forretningsmann som kjøpte den gamle handelsstaden Husøy og slo seg opp stor fiskekjøpar og handelsmann i dei gode sildeåra frå 1855 og utover. Han dreiv også saltebuder både i Kalvåg og Kinn.

Han var rekna for den rikaste innbyggar i Solund for si tid, og eigde m.a. eigedomar i Indrevær og Utvær. Medlem av formannskapet i Solund 1878-1884.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2008