Hopp til innhold
X
Innhald

Henrik Didrik Echoff Friis

Henrik Didrik Echoff Friis (1797-1896). Fødd i Kopervik, busett i Rugsund.

Handelsmann og politikar. Gifta seg i 1819 med syskenbarnet sitt, Maren Elida Friis, dotter til handelsmann Thomas Friis i Rugsund. Same året overtok Henrik handelsstaden og bygde den ut til ein av dei viktigaste i Nordfjord. Det var han som bygde ut anlegget med to-etasjes hovudhus og store sjø- og handelsbuder, slik vi kjenner det i dag. I 1837-1839 var han den første ordføraren i Davik kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008