Hopp til innhold
X
Innhald

Hukset A/S

Centrum AS i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Centrum AS i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hukset A/S med Audun Hukset i Førde som hovudaksjonær starta klesbutikk i det nybygde Svelgen samfunnshus i 1961, med Knut Hallset frå Svelgen som dagleg leiar.

Arkitekt Audun Hukset dreiv også møbel- og klesbutikken Førde Varehus i Førde, der også huseigaren Andreas Hjelmeland var aksjonær.

I 1968 tok Svein Vågene over forretninga i Svelgen som bytte namn til Centrum AS. Knut Hallset flytta då til Førde og styrde butikken der til han kjøpte klesavdelinga i Førde i 1977 og dreiv den under firmanamnet Hallset AS til 1994.

Svein Vågene utvida forretninga i Svelgen samfunnshus til eit varehus som omfata kle- og utstyrforretning, sko, møblar og kvitevarer. Då ei forretning som heldt til i Svelgen Hotell la ned, flytta Vågene møbel- og kvitevaredelen inn i dei ledige lokala der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.04.2010