Hopp til innhold
X
Innhald

Husmann kravde inn eigen ”jekteskatt”

Botnane med Vengane i framgrunnen. På den største av dei, Langevengen, ligg Sakrisstøa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Botnane med Vengane i framgrunnen. På den største av dei, Langevengen, ligg Sakrisstøa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Botnane ligg nokre holmar som heiter Vengane, og på den eine av dei, Langevengen, finn vi ei vik som den dag i dag vert kalla Sakrisstøa.

Her budde på slutten av 1700-talet ein jordlaus husmann som heitte Sakris Ottoson Nordboten. Sakris hadde funne sin svært originale måte å spe på inntekta: Nett som ein konge ved Øresund, kravde han inn «avgift» frå jekter som passerte i leia til og frå Bergen. Særleg nordfjordjektene tykte kallen på øya var ein artig kar, og la gjerne etter seg ei lita gåve til Sakris når dei sigla framom.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018