Hopp til innhold
X
Innhald

Idrettsanlegg i Bremanger

Skihytta på Molda vart bygt i 1937, den første idrettsbana - Øyrabana - vart teken i bruk i 1946, gymnastikksal og symjebasseng i 1959, og Svelgen stadion i 1961-1962.

I 1974 fekk Svelgen Turn- og Idrettsforening treningsrom for styrketrening i ein kraftverkstunnel. Treningsbaner ved småbåthamna, på Rise og ved stadion vart tekne i bruk høvesvis i 1978, 1980 og 1995. Fotballgruppa opna klubblokale i 1981, lysløypa på Langesi vart teken i bruk i 1984, og Svelgen Idrettshus vart opna i 1993 - etter 20 års planlegging. Dei fleste anlegga er bygde med stor dugnadsinnsats frå medlemene.

Symjehallen i Svelgen like etter opninga i 1959.

Symjehallen i Svelgen like etter opninga i 1959.

Svelgen stadion. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svelgen stadion. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svelgen Idrettshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svelgen Idrettshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremangerhallen

på Hauge vart opna i 2006.

Bremangerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremangerhallen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.06.2012