Hopp til innhold
X
Innhald

Industri og næring i Bremanger

Elkem Bremanger har sidan 1928 vore berebjelken i Svelgen-samfunnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Elkem Bremanger har sidan 1928 vore berebjelken i Svelgen-samfunnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

HOVUDMENYAR:

*Bankar og trygdelag i Bremanger *Fiskeindustri i Bremanger *Fiskeoppdrett i Bremanger

*Handel i Bremanger *Sagbruk i Bremanger

Andre omtalar:

Andreas Madssen

flytta til Kalvåg kring 1870 og starta slipp og skipsverkstad. Han var utdanna skipstømmermann, og då motoren kom, arbeidde han mykje med å tilpasse og montere motorar i tidlegare seglskøyter.

Anders Simonson Wallestad

starta som bakar i Kalvåg i 1873. I 1882 gjekk eigedomen under hammaren, og Anders flytta til Bergen der han tok opp att bakaryrket. Etter Wallestad tok Anders Eliasson over som bakar i Kalvåg og dreiv truleg til 1895.

Kjøpelag for bøndene

I Midtgulen fekk Rasmus R. Indrehus og Knut K. Kjelkenes organisert eit såkalla kjøpelag for bøndene – truleg ein gong på 1890-talet.

Trevareverkstad i Ålfoten

Ola, Jakob og Martinus Myklebust starta kring 1900 trevareverkstad i Ålfoten. Dei fekk m.a. store leveransar av dører, vindauge og anna innreiingsutstyr til Ålfotselskapet kring 1920. I 1932 vart verkstaden skadd i ein sterk orkan, og vart ikkje drive sidan.

Peder Terdal

grunnla i 1901 handel- og fiskeforretning i Bremanger. Sjå elles Handel og gjestgiveri i Bremanger.

Bremanger Havfiskeselskap

Skipa 1902. Sjå: Jacob Blaauw Lieske

I & M. Nøttingnes

starta 1906 skyssbåttrafikk Kalvåg. Verksemda vert framleis driven av familien.

Pelsdyrpionér Ole M. Totland

frå Bryggja starta i 1910 ein av dei første pelsdyrfarmane i Noreg på Marøyna ved Hornelen.

Karl og Jesper Hennøy

frå Hennøy ved Frøysjøen starta ein liten sildoljefabrikk i 1910. Fabrikken vart driven til byrjinga av 1. verdskrig. I 1916 bygde dei same karane ei saltebud i Kalvåg.

Annonse for gjødselspreiaren som Totland produserte.

Annonse for gjødselspreiaren som Totland produserte.

Totland Mek. Verksted

vart grunnlagt i Kalvåg kring 1910 av skipsmekanikar Ingvald Totland frå Bryggja.

Edvar O. Liset

starta skreddarverkstad i Kalvåg i 1914. Han var utdanna skreddarmeister frå Bergen, og hadde fleire syersker i arbeid.

Rosenlund og Frimannslund

dreiv frå 1915 skyssbåt frå Davik. Seinare starta også Martin Sunde lokal båtskyss, m.a. hadde han mjølkeruta til Nordfjordeid.

A/S Bremanger Kraftselskab

skipa 1917 – sjå Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Kvalstasjonen i Vågane

Vågane er ein lun våg like nordaust for Smørhamn på Bremangerlandet. Etter opptak frå Staten vart det i 1917 bygd opp ein kvalstasjon – «Den Norske stats Kvalstasjon».

Den Norske stats Kvalstasjon

- sjå Kvalstasjonen i Vågane.

Hamrøy A/S

grunnlagt 1918 i Kalvåg. Dreiv fiskehandel - sjå: Jacob Blaauw Lieske

Frå slippen til Olai Børresen i Mulehamn. Biletet er teke i 1982. Foto frå Bremanger bygdebok.

Frå slippen til Olai Børresen i Mulehamn. Biletet er teke i 1982. Foto frå Bremanger bygdebok.

Olai Børresen Mulehamn

bygde ein slipp i Mulehamn på neset mellom Sørgulen og Midtgulen kring 1918. Der dreiv han reparasjonar og nybygg av mindre båtar. Sonen Bjarne Muleham tok seinare over slippen og utvida verksemda, og deretter tok Bjarne sin son Olav Mulehamn over drifta.

A/S Bremanger Boligselskap

skipa 1918, stod for bygging av bustader i Svelgen til arbeidarar og funksjonærar. - Sjå også Svelgen Boligbyggelag 1965.

Arbeidarbustader i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arbeidarbustader i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Myren slipp og Mekaniske

verksted i Myrafjæra i Rylandspollen i Bremanger vart starta i 1921 av Knut Pettersen.

Ise-båtane

Karl J. Isene starta tidleg på 1920-talet som båtbyggar heime på garden sin på Isane.

Audun Røys

grunnla i 1923 handels- og fiskeforretning i Kalvåg.

Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret

Starta i 1928. Største verksemda i Bremanger kommune, og hjørnesteinsbedrift i kommunesenteret Svelgen.

Elkem Bremanger

- sjå artikkelen Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Elkem ASA, Bremanger Smelteverk

- sjå artikkelen Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

China National Bluestar Group Co.

- sjå artikkelen Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret.

Solvik Båtbyggeri

i Kalvåg vart grunnlagt i 1928 av Sigurd Gulestøl. Dreiv nybygg og reparasjonar av båtar opp til 80 fot, og hadde fem tilsette.

Alf Midtbø

var bakar hjå Myklebust i Florø før han starta bakeri i Svelgen i 1928. Midtbø dreiv også ei tid vanleg landhandel i leigde lokale. Han la ned butikken før 2. verdskrig og tok arbeid på verket.

Bortneskår Tønnefabrikk

i Kalvåg vart starta i 1929 av Peder Bortneskår i ei sjøbu som han tidlegare hadde brukt til sildesalting. Bortneskår dreiv ei tid stort, og leverte tønner m.a. til Islands-fisket.

Klara Fossedal

og ektemaken Engel Fossedal starta pensjonat i Kalvåg på 1930-talet. Pensjonatet var i drift til midt på 1960-talet.

Halvorsen Slipp og Mek. Verksted

- Sjå Myren slipp og Mekaniske.

Abraham Terdal

starta like før andre verdskrigen med rutebildrift. Sjå Handel og gjestgiveri i Bremanger.

Gunnar Berge Johnson

starta møbelfabrikk på Davik i 1940. Han heldt først til i eit hus som handelsmann Drageset eigde, før han flytta over i nybygg med sag og tørke på Ytredavik. Møbelfabrikken gjekk konkurs kring 1945.

Elde stolfabrikk

på Elde vart starta kring 1940 av Andreas M. Elde og var i drift til like etter 2. verdskrig. Hovudproduktet var stolar i bjørk og dessutan spisestuebord og skjenkar. I tillegg til seg sjølv hadde Elde eit par mann i arbeid.

Gjerde & Andersen møbelverkstad

grunnlagt på Davik i 1945 av Alf Gjerde og Nils Andersen. Dei hadde på 1950-talet fem mann i arbeid, og leverte møblar til heile landet. Fabrikken vart lagd ned kring 1960.

Jakob Aardalsbakke

frå Endal starta fraktebåtselskap i 1946, og hadde opptil fem båtar i drift: «Marta Amalie», «Kitty», «Lavangen», «Varg» og «Heimdrag». Aardalsbakke leigde eit sandtak på Tistam vest for Utvik og dreiv frakt og sal av sand derifrå fram til han gjekk konkurs i 1961.

Mundal’s Kafé

i Svelgen vart starta av Magna Mundal ca. 1946. Kaféen var i drift til 1967 og gjekk på folkemunne for «Magdeburg».

Rutebilane i Bremanger

frå 1947 og firma P. Terdal, skipa 1901 - sjå Handel og gjestgiveri i Bremanger.

Svelgen Boligbyggelag

skipa 1965. Sjå også A/S Bremanger Boligselskap 1918.

Svelgen hotell

vart bygt i 1968.

Havly Pensjonat

vart starta ca. 1970 av Amanda og Ulrik Igland.

Bremanger Kystturisme

- sjå Havly Pensjonat.

Sverre Magne Dyrstad

starta som byggmeister og entreprenør med byggevareforretning i Svelgen i 1978. I 1997 kjøpte han eit bygg på Sande frå verket og opna ny byggevareforretning der. Verksemda er knytt til Mestergruppen AS.

Brødrene Mundal held til i dette industribygget i Breivika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Mundal held til i dette industribygget i Breivika. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brødrene Mundal

maskinentreprenørfirma i Svelgen vart starta i 1979 av brørne Kjell og Arild Mundal. I 2011 har firmaet 16 tilsette. Det meste av arbeidsoppdraga er for Elkem Bremanger. I 2014 skifta firmaet namn til Maskinen3prenør1.

Maskinen3prenør1

– sjå Brødrene Mundal.

 Knutholmen i Kalvåg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Knutholmen i Kalvåg. Foto: Arild Nybø, NRK.

Svein Fosse og turiststaden Kalvåg

Vart starta i Kalvåg 1986 av Svein Inge Fosse. Verksemda dreiv kafé og overnatting.

Klausen Industrier Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klausen Industrier Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Klausen Industrier Svelgen AS

vart skipa i 1990. – Sjå Klausen Mek. Verksted AS under Askvoll kommune.

Rise Næringsbygg

vart reist i Svelgen i 1993 i eit samarbeid mellom næringsdrivande og Bremanger kommune.

Bremanger Quarry

starta i 2000 bygging av eit stort steinbrot med utskipingskai på Dyrstad nord for Svelgen.

Navic Engineering AS

i Svelgen er ei ingeniørverksemd som vart starta i Svelgen i 2002.

Gamleskulen i Kalvåg.<br> Foto: A. Nybø, NRK.

Gamleskulen i Kalvåg.
Foto: A. Nybø, NRK.

INC Vedlikehold AS

Overtok i januar 2002 vedlikehaldet på Elkem ASA sitt smelteverk i Svelgen. Verksemda har omlag 50 tilsette, og er eit selskap i INC-gruppa.

Kalvåg Appartement Gamleskulen AS

Utleigehusvære, møte- og selskapslokale i gamleskulen i Kalvåg (bygd i 1923). Fire utleigehusvære med plass til 24 overnattingsgjester. Starta i 2003 av Margret Frøyen og Alf-Haakon Harlem.

Stadt Sjøtransport AS

taubåtselskap med kontoradresse Svelgen vart skipa i 2005. I 2009 hadde selskapet fem taubåtar og ei omsetning på 48 millionar kroner. Talet på tilsette var 34. I 2010 tok Stadt Sjøtransport i bruk endå ein taubåt.

Ein av taubåtane til Stadt Sjøtransport AS, Stadt Wolf. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Ein av taubåtane til Stadt Sjøtransport AS, Stadt Wolf. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Eurovia

er eit fransk selskap som i 2006 har fått løyve til å starte steinbrot ved Gulestø på sørsida av utløpet til Gulefjordane. Selskapet reknar med mellom 10 og 15 tilsette når anlegget kjem i drift.

Clupea Notbøteri

eigd av Magne Grotle, opna i 2014 eit båthotell i Smørhamn. Han fekk sett opp eit nybygg på 670 kvadratmeter med plass til om lag 20 lystbåtar. Frå før har selskapet hatt lager for bubilar, båtar og campingvogner i eit eldre lokale.

Rorbuferie og hytteutleige

Kysten kring Bremangerlandet og Frøya er kjend for gode fiskeplassar, og i åra etter årtusenskiftet har det vorte satsa stort på utbygging av hytter og robuanlegg.

Smørhamn Handelsstad AS

– sjå Handelsstaden Smørhamn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.02.2014