Ingvald Severinson Eide
Ingvald Severinson Eide (1850–1927) frå Hosanger, busett i Davik og i Florø frå 1923. Prest og prost i Nordfjord.
Arbeidde som omgangsskulelærar i Hosanger fram til han gjekk på lærarseminaret i Balestrand og tok eksamen der i 1868. Eksamen frå lærarskulen på Stord 1872, og deretter lærar i Eidsvåg og på Voss. Cand. teol. 1886. Sokneprest i Flatanger før han vart sokneprest i Davik i 25 år 1898–1923. Prost i Nordfjord frå 1912.
Han la ned eit stort arbeid med restaurering av kyrkja i Rugsund. Ektemaken Amalie skipa Davik Sanitetsforening. I 1921 selde ekteparet ei stor antikvitetssamling til Bergen Museum. Ingvald Eide vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1923.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 31.07.2018