Hopp til innhold
X
Innhald

Ise-båtane

Karl J. Isene starta tidleg på 1920-talet som båtbyggar heime på garden sin på Isane.

Nede ved sjøen bygde han verkstad og slipp, og der bygde han snekkene. Om vintrane bygde Karl robåtar oppe i gardstunet. Dette var lette robåtar med to årepar, og dei vart kjende som «Ise-båtar». Karl Isene hadde i mange år med seg Olav Orheim på verkstaden sin. Sonen Ragnar tok opp båtbyggartradisjonen etter faren og dreiv med dette til han omkom i ei ulukke i 1989.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.06.2008