Hopp til innhold
X
Innhald

Ivar Solheim

Ivar Korneliussen Solheim (1900–1989) frå Vetvik, seinare busett på garden Førde i Bremanger. Bonde og motstandsmann under 2. verdskrig.

Vetvika låg lagleg til for våpensmugling under 2. verdskrig, og Ivar var ein av fleire som deiv med dette. I samband med aksjonen mot Tælavåg i Hordaland i 1942 vart også våpenruta gjennom Vetvik avslørt, og Ivar Solheim, Ole Gangsø, Roar M. Grotle og tannlege Kornelius Ragnar Solheim i Måløy vart arresterte. Halvbrørne Solheim fekk begge dødsdom, men avrettinga på Akershus festning vart ikkje sett i verk. Dei sat begge i tysk fangenskap til krigsslutt i 1945.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2010