Hopp til innhold
X
Innhald

Jan-Magnus Bruheim

Jan Magnus Bruheim. Foto: Mattis Thoresen, Sunnmørsposten.

Jan Magnus Bruheim. Foto: Mattis Thoresen, Sunnmørsposten.

Jan-Magnus Bruheim (1914-1988) frå Skjåk, busett i Botnane 1978-1985. Forfattar og lyrikar. Debuterte i 1941 med diktsamlinga «Stengd dør».

Huset fekk eige dikt

I 1978 flytta Bruheim til Botnane, der han busette seg i det gamle skulehuset. Dette huset fekk sitt eige dikt i «Huset som talar».

Inspirert av kysten

Han skreiv fleire dikt og barnebøker med motiv frå kysten, m.a. barneboka «Den kvite hjorten» og diktsamlinga «Flo og Fjøre». I 1972 fek han Nynorsk Barnelitteraturpris frå Noregs Mållag.

Produktiv i Botnane

Bruheim hevda at dei sju åra i Botnane var dei mest produktive åra i diktarlivet hans. I prosasamlinga «Tankefuglar i tunet» står stykket «Til Roma - eller til Botnane», der han m.a. skriv om å flytte til Botnane.

Til Roma - eller til Botnane

''frå prosasamlinga "Tankefuglar i tunet" av Jan Magnus Bruheim''

«Dersom ein skulle få valet millom å fara til Roma eller til Botnane, kva skal ein då gjera? Å velja kan jamt vera vanskeleg. Det fylgjer ansvar med eit val - og lagnad.

Så vandt er det likevel ikkje, når ein veit kvar hugen dreg.

I Roma bur millionar. Der kunne ein kanskje koma til å kjenne seg einsam imillom alle dei andre.

I Botnane lever eit kvart hundrad sjeler. Her treng ein ikkje kjenne seg einsam um ein er åleine. Dessutan høyrer Botnane med til fedrelandet. Og når ein så lenge har vore på utkik etter ein stad utmed kysten der ein kunne busetja seg, er valet lett. Du sender ein venleg tanke til han som ville reide deg rom i Roma - og fer til Botnane.»

I 2014 gav Sigrid Terese Moldestad ut plata «Brevet til kjærleiken», der ho sette tone til fleire av dikta til Bruheim. Same året gav Ole Harald Dahl ut boka «Jan-Magnus Bruheim. Skjebne, psyke, natur. En essayistisk forfølgelse» (Cogito forlag).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 28.01.2021