Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Andreas Krog

Jens Andreas Krog (1740-1783) fødd i Bergen, busett i Davik. Prest og forfattar.

Frå 1766 til 1769 var han personleg kapellan hjå den lærde presten Hans Strøm i Volda. Sokneprest i Davik 1769-1780, men tok ikkje cand. theol. eksamen før i 1773.

Skreiv ”Efterretninger om Provstiet Nordfjord” etter modell av Hans Strøms ”Søndmøres Beskrivelse”. Verket vart ikkje heilt fullført, men første bolkane er trykte og gjevne ut. Krog arbeidde også for å få gjennomført vaksinasjon i Nordfjord.

Son til Thomas Georg Krog.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.03.2008