Johan Kristoffer Jørgensson Klungreset

Johan Kristoffer Jørgensson Klungreset (1916-1943). Frå Bremanger. Gardsarbeidar, fiskar og soldat.
Klungreset rømde til England i september 1941 og gjekk inn i Kompani Linge.
Sommaren 1942 vart han beordra til spesialteneste i ”Shetlandsgjengen”. Han deltok i mange turar med agentar og rømlingar over Nordsjøen, og var mannskap ombord på M/S «Feiøy» då den kom bort under eit hemmeleg krigsoppdrag i Noreg den 7. januar 1943.
- Sjå også Ola M. Grotle.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.04.2010