Hopp til innhold
X
Innhald

Johannes Melstvedt

Johannes Melstvedt (1816–1876) frå Vikør i Hardanger, busett i Kalvåg. Handelsmann.

Vart frå han flytta til Kalvåg i 1867 den sentrale handelsmannen i fiskeværet. Der dreiv han landhandel, dampskipskai, fiskeeksport og fraktebåtar. Melstvedt var utlærd smed og dreiv difor også smedforretning og skipsbyggeri.

Svikt i fisket gjorde at han gjekk konkurs i 1873. I 1876 drukna Johannes Melstvedt ved Ånnevika under eit losoppdrag.

Sjå elles artikkelen:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2008